FREDRIK STEEN: Vår spaltist, Fredrik Steen, saknar tida då ein fekk ein lapp i postkassaen - og kunne gå og hente pakken utan noko meir styr og mas. FOTO: Astrid Waller
FREDRIK STEEN: Vår spaltist, Fredrik Steen, saknar tida då ein fekk ein lapp i postkassaen - og kunne gå og hente pakken utan noko meir styr og mas. FOTO: Astrid Waller
Fredrik Steen:

- Eg saknar postbetjenten i stramme postbukser og matchande piquéskjorte

- Rekk opp handa alle som synes det fungerer berre sånn passe bra å få ein pakke i posten for tida!

Eg er ikkje så melankolsk og mimrande av meg, men det er éin ting eg saknar skikkeleg i livet mitt: Eg saknar tida då eg fekk ein lapp i postkassa om at pakken var komen til postkontoret. Kvar gong eg fekk ein slik lapp, putta eg lappen i lomma og dansa meg i veg til postkontoret, i klokkeklar vissheit om pakken snart var min. Vel framme på postkontoret stilte eg meg i kø, og når det var min tur, ga eg frå meg lappen til ein postbetjent i stramme postbukser og matchande piquéskjorte. Deretter gjekk det berre nokre sekund før eg hadde pakken i hendene.

Og det fine den gongen var at vi var ferdigsnakka, postbetjenten og eg. Ikkje noko meir styr eller mas. Det var heller ingen frå marknadsavdelinga på postkontoret som kom halsande etter meg ut på gata med spørjeskjema og ba meg gradere service, luftfuktigheit eller kvaliteten på stemninga frå 1 til 10. Det var rett og slett mindre mas kvar gong ein gjorde ein transaksjon, og det er ikkje mange åra vi skal tilbake, heller.

LES OGSÅ: Å karikere kvinna på scena har gitt meg eit fiffig innblikk i kvinnelivet

I dag veit alle som har bestilt ein ny dings, sofa eller lydfjøl på nettet, at pakken kan dukke opp kvar som helst. Eg har absolutt ingen studiepoeng i logistikk og distribusjon, men eg tør likevel foreslå at det bli trøbbel når ein pakke den eine dagen kan dukke opp i ein pølsekiosk i nabokommunen, og den neste dagen må du ta turen til i post i butikk. Det er fint med variasjon, altså, men eg lurer berre på kvar det heile skal stoppe? Eg blir difor ikkje overraska om eg i nær framtid mottek følgjande sms: «Hei, Fredrik! Pakken din er nå kommet frem, og kan hentes i den innerste smøregropa til SnapDrive på Lillestrøm».

For ein månad sidan bestilte eg ein utesofa på nettet. Prisen var ok, men det var likevel leveringstida som var mest avgjerande. Firmaet lova at sofaen skulle vere i hus på 10 dagar. Det leverandøren sannsynlegvis ikkje tok med i reknestykket, er at det er ein annan leverandør som tek over straks pakken kjem til fedrelandet. Eg skal ikkje nemne namn, men la oss kalle dei PostNord.

Favorittleiken til PostNord er katt og mus. Dei likar å lokke og lure, og held meg på tå hev som ein utsvolten røyskatt. Førre veke kom der rettnok ein mann på døra med ein pakke, men det viste seg at dette ikkje eingong var halve sofaen. Pakken bestod av to delar, må vite, og ingen kunne fortelje meg kvar den andre pakken var.

Det vil seie, eg har dei to siste vekene fått ei handfull meldingar av typen: «Veit du kva, Fredrik? Pakken din er no så godt som på veg, altså! No er det jaggu ikkje lenge igjen! Hald ut, for vi trur på deg, Fredrikken-Pedrikken! Vi trur at du ein vakker dag kjem til å få ein kjempefin sofa ute på altanen din. Ikkje gje opp, Fredde! Medan du ventar, kan du jo tenke litt på alle dei som aldri vil eige sin eigen rottingsofa produsert for ultralavkost! Medan du, Fredders! Du har faktisk ein slik ein på veg!»

Og komikken stoppar ikkje der: Kundemagasinet til PostNord heiter «Tempo». Eg ler så raua ristar! Er de i PostNord sikre på at de er i rett bransje? Kanskje de heller skulle begynne å dyrke grønsaker? Få dykk eit småbruk på Vestlandet med eit par geiter og bli kvitt litt stress? Eg prøver berre å vere konstruktiv, altså.

PostNord er ei dansk-svensk samanslåing, og attpåtil statleg eigd. Vårt eige statleg eigde Posten Norge mista altså grepet i ein forløysande og fri marknad for at den danske og svenske stat skulle kome fram i køa og glefse i seg eit kjempestort kakestykke. Rekk opp ei hand alle som synes det fungerer sånn passe bra.

LES OGSÅ: - Å kome på døra utan avtale er nesten like frekt som å spionere på folk som dusjar

I skrivande stund fekk eg faktisk ein sms om at PostNord har lova å levere del 2 av sofaen mellom klokka 17 og 21 i kveld. Eg er skikkeleg spent på om eg får spørsmål på sms om kor nøgd eg var med opplevinga. Når eg tenker meg om skal eg kome dei i forkant og spørje dei sjølve om korleis dei synest det går i post- og pakkeomberingsbransjen. Det heile skal bli ein fin rapport på minst eit par handskrivne sider som PostNord-sjefen, Robin Olsen, kan kose seg med på terrassen i sommarsola. Men han må sjølv gjette kvar og når rapporten skal hentast. It’s payback time, Robbe.

LES OGSÅ: Det ble ikke sommerkropp i år heller. Men jeg har hatt mange intensjoner i løpet av vinteren, det skal sies.

Til forsiden