Mamma skulle lage bursdagsselskap for meg og hadde baka ein haug med bollar. Ho tok ein svipptur på butikken med sykkelen for å handle inn det aller siste på handlelista si, medan bollane låg lune på kjøkenbenken. Då ho kom heim, var det total katastrofe. Broren min og eg hadde tatt ein bit av kvar einaste bolle ho hadde baka til gjestane medan ho var borte.
Då kom ordet «stressa» fram.

- Fram til eg vart vaksen, hadde eg «berre» fire vener
Mamma gjekk stressa rundt seg sjølv og lurte, og ho hadde ikkje peiling på korleis ho skulle redde situasjonen. Neste gong det for alvor gjekk opp for meg at stress er ei negativ kraft for anatomien og helsa, var då eg studerte på ingeniørhøgskulen.
Ta stress på alvor
Det føregjekk eit forskningsprosjekt om korleis stress påverkar laksesmolt. Vi studentar sat ved fiskekara i timevis og talde respirasjonen på gjellene til fisken. Det viste seg at ved mykje stress så vart fisken «andpusten» og i dårleg slag. Slik er det også for menneskekroppen.
Ein skal ta stress på alvor. Eg har ikkje så god termostat i kroppen min. Eg kjenner ikkje heilt når eg er trøtt og sliten. Eg set altfor sjeldan foten ned slik andre, som forstår sin eigen kropp godt, gjer det.
Når nokon klagar over at dei ikkje har sove godt fordi madrassen var for mjuk eller for hard, så har ikkje eg peiling på kva dei snakkar om. Eg søv like godt på betong som på silkelaken og madrassar lik Prinsessa på erta (eller kanskje like dårleg?).
Sånn sett kunne eg vore ein god slave i Sør-Amerika på 1800-talet eller ei uthaldande pornostjerne i Los Angeles. Eg har rett og slett ikkje peiling på når kroppen ikkje maktar meir. Men gode folk, eg har i ein alder av rundt 50 år merka korleis stress påverkar meg.
Påverkar meg
Eit vendepunkt der også «maskina frå Leikanger» merkar stress, er komen. For stress påverkar meg etter at eg kom i overgangsalderen. De kjenner til dei berømte hetetoktene. Dei som kjem brått på og brenn som store heksebål gjennom kroppen. Dei som forårsakar store svetteperler i hårfestet og på nasen. Dei som får svetten til å drive nedover ryggen. Dei salte dråpane er til og med i stand til å forsere bh-en før dei sildrar ned i bukselinningen på ryggen og smeltar inn i buksestoffet rett over rumpesprekken.

«Kva har ei 53 år gammal dame der å gjere?» sa min yngre kollega
Eg merkar at ei stressa Eli Kari framprovoserar hetetokter. Det treng ikkje være mykje som triggar det. Berre ei skarve lukeparkering undre tidspress eller litt «vaksenkjeft» er nok. Ei kvinne i overgangsalderen bør prøve å stresse ned. Unngå stress så godt du kan om du er plaga med hetetokter.
Eig det
Ikkje hiss deg opp eller heng deg opp i ting, slik at du blir godt, gammaldags forbanna og deretter stressa. Det er ei vanskeleg øving ikkje å la seg stresse. Men prøv. Eg har øvd meg litt på bading i kaldt vatn. Eg stille og roleg «eig» det kalde vatnet, legg meg ned, tek nokre overlegne tak, og så går eg på land.
Slik kan du også takle situasjonar du lett vert stressa i. Eig det, la det stå til, og feire at du takla det nett slik som Braut Haaland gjer etter scoring på fotballbana. You can do it!