Eli Kari Gjengedal:

- Eg sit naken i ei svettetokt og skriv det her

Det viktigaste er å kjenne seg att og vite at ein ikkje er aleine.

ELI KARI GJENGEDAL: KKs spaltist setter stor pris på at flere og flere kvinner setter av tid til å formidle kunnskap og erfaringer om overgangsalderen. FOTO: Astrid Waller
ELI KARI GJENGEDAL: KKs spaltist setter stor pris på at flere og flere kvinner setter av tid til å formidle kunnskap og erfaringer om overgangsalderen. FOTO: Astrid Waller Vis mer
Publisert

Nå har eg skrive denne spalta i over to år. I løpet av denne tida har eg delt den eine og den andre av mine opplevingar som ei vaksen dame midt i livet. Nokre gonger har det handla om tankar eg har om livet generelt, andre gonger om overgangs­alderen.

Eg har også belyst ulike spørsmål om kva som er rett og gale her i livet. Det er eit hav av tema å ta for seg. Eg registrerer at det er stort engasjement når eg formidlar erfaringar og opplevingar frå mitt eige vesle overgangsunivers.

Mange av dykk tek direkte kontakt med meg for å dele historier, erfaringar og ikkje minst for å kome med konkrete råd. Dette set eg umåteleg stor pris på. (No skulle de forresten ha sett meg. Eg måtte kaste morgonkåpa i ei svettetokt her, og sit regelrett naken og skriv. Den kjem sikkert på igjen om litt … For eit herleg liv.)

Heile poenget med denne spalta er jo nettopp dette: å dele tankar og erfaringar. Kjenne seg litt att og vite at ein ikkje er aleine og at det finst hjelp og ikkje minst støtte.

Vi skal ikkje være usynlege

Etter å ha retta oppmerksomheten mot kvinner midt i livet – og muligens også i overgangsalderen – ser eg at fleire tenker som meg. Det er nokre flotte damer der ute som er ambassadørar for akkurat slike som meg, og kanskje deg, som les spalta. Kvinner midt i livet skal ikkje være usynlege.

Eg er takksam og stolt over at det finst kvinner som brukar tida si på å formidle kunnskap om dette. Eg trur at fleire kjem til å snakke om oss etter kvart som vår generasjon pushar 50. Vi er i startgropa når det kjem til å sette meir lys på kvinnehelse og kvinner i overgangsalderen. Vi lever i ei tid her i landet kor det er større aksept for å dele. Det er ikkje alle som tier om kva vi har å stri med lenger. Dette er viktig, ikkje berre for å heve kunnskapen om overgangsalderen, men også for å sette kvinnehelse i fokus.

Meir forsking på kvinnekroppen vil gagne heile samfunnet.

Hugs at det finst hjelp

Tenk deg, alle kvinner skal gjennom overgangsalderen på eit eller anna vis. Uansett kultur og religion. Som eg har sagt tidlegare: Ein tredjedel av oss har det vondt, ein tredjedel har det litt vondt, mens resten slepp billeg unna. Men hugs at det finst hjelp. Det finst hormonbehandlingar, treningsformer, riktig mat og drikke som kan hjelpe. Det finst fastlegar, og det finst trøst i heimen eller hos gode vener. Det finst også arbeidsplassar som legg til rette for at ein kan ha ein dårleg dag. Ein må berre snakke om det!

Og hugs: Det viktigaste er at ein ikkje går rundt ­aleine og lir. Cirka halvparten av jordas befolkning skal gjennom overgangsalderen på eit tidspunkt, og resten skal også lære seg å kjenne ein kropp som eldast. Sånn er det berre.

Også gutta kjenner på at noko skjer når dei er midt i livet. Dette har eg fått forståing for etter at ein del har tatt kontakt for å trøste eller dele erfaringar. Mitt heitaste tips nesten uansett kva det gjeld, er å ta ein prat om det. Lette litt på trykket og få trøst. Tusen takk igjen for engasjementet dykkar, folkens. Det ­varmar, og eg veit at vi ikkje er aleine.

Oppdag mer mote, livsstil og historier fra virkeligheten på KK.no

Følg på Instagram Abonner på KK magasinet

Vi bryr oss om ditt personvern

KK er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer