For det går faktisk an å bli lei av sin eigen aller beste ven i livet. Nemleg seg sjølv. Grunnane til dette fenomenet er mange. Eg til dømes, blir så frustrert over at eg har null sjølvdisiplin. Dette irriterande problemet har eg hatt heilt sidan eg var lita. Eg kan beint fram ikkje hugse noko anna enn at eg alltid har vore sånn. For å sitere min eigen son: «Eg har skills, men ikkje guts.» Det ligg altså i genane?
Hadde eg berre gidda øve på fiolinen mange nok timar, så ville eg kanskje spelt duett med Arve Tellefsen? Hadde eg berre lest meir på leksene, kunne eg vore hjernekirurg no … Hadde eg køyrt mange nok motbakkeintervall, ville eg sikkert sett rekord på 100-meteren. Eller, hadde eg hatt vett nok til å halde orden i frimerkesamlinga mi, kunne eg sikkert vore filatelist, men nei, eg får det rett og slett ikkje til. Eg har rett og slett ikkje sjølvdisiplin nok til å utfordre meg i lengden. Eg er ikkje ein stayer. Det irriterer meg noko heilt vilt.
Eg klarar ikkje å gjennomføre ei sunn linje lenger enn nokre timar før lunsj. Då sprekk eg som ei kokt pølse og gafflar innpå bollar og knask. Noko meir irriternade? Å oppleve seg sjølv gjere dette dag etter dag?

Derfor les eg ikkje kommentarfelt
Eg er også ein dreven tidsoptimist. Eg går i same fella meir eller mindre kvar gong. Eg gløymer at det tar tid å forflytte seg frå A til B og er alltid irriterande 10 minutt for seint ute. Det er galskap, veit du. Eg klarer heller ikkje å halde munn når eg burde. Gong på gong høyrer eg meg sjølv meine både det eine og det andre. Kan ikkje eg være litt meir smart og teie innimellom? Kan eg ikkje gjere som dei flinke og kloke? Men nei, endå eg gjev meg sjølv det eine gode rådet etter det andre.
Ein annan uvane som driv meg til vanvit, er at eg har null retningssans. Eg går alltid til venstre ut av ei dør. Ka i helsike er det for ein eigenskap?
Dette set begrensningar på livet mitt på ein måte eg alvorleg tala ikkje likar. Eg er så lei av å køyre feil. Eg er så lei meg sjølv når eg ikkje kan ta av på motorvegen og må køyre omtrent heilt til Sverige før eg kan snu. Og når eg endeleg får snudd, så er eg tom for drivstoff …
Enden på visa er at eg kjem for seint nok ein gong. Eg sit på feil avgang også. Flyet dreg medan eg sit og ser på, og det sviv meg ikkje at eg skulle vore med. Då vert eg altså så lei av meg sjøv at eg har lyst til å ropa høgt: «Ditt dumme brød!» Men samstundes må eg flire litt av Eli Kari også.
Hadde eg ikkje vore så distré, så ville eg sikkert kjeda livskiten av meg. Hadde eg vore perfekt, så ville eg sikkert ikkje hatt det like morosamt. Eg hadde sikkert gått minst like lei meg sjølv om eg var like ryddig som hyllene med mjølkekartongar på butikken. Nei, eg er meg sjølv på godt og vondt, sjølv om det betyr at Eli Kari blir luta lei av Eli Kari innimellom.
Oppdag mer mote, livsstil og historier fra virkeligheten på KK.no

Vi i overgangsalderen kan bli rasande over ... ja, Gud veit kva

- Nei, overgangsalderen er ikkje ein sjukdom
