DISTRÉ: Trudde du manflu var det verste en mann må gjennom, neida, som distraksjonens mester er det verre ting i vente, skriv Fredrik Steen. <br>FOTO: John Andresen.
DISTRÉ: Trudde du manflu var det verste en mann må gjennom, neida, som distraksjonens mester er det verre ting i vente, skriv Fredrik Steen.
FOTO: John Andresen.Vis mer

KK-spaltist Fredrik Steen:

- Eg treng hjelp no!

Eg er typen som kler av meg, går inn i dusjen og tenker: «Kva i all verda var det eg skulle her?»

Du trudde kanskje at manflu var det hardaste med å vere mann? Eg slår med dette eit slag for oss menn som i tillegg slit med å finne ting. Store ting. Små ting. Alle ting som finst inne i eit heilt vanleg, norsk hus. Spesielt utfordrande er det å finne ting som andre ber meg om å finne. Då kan eg gå fullstendig i lås.

Morosamt?

Førebels har eg ikkje kome til ein konklusjon: Slit eg med å finne ting fordi eg er svært distré og rotete av meg, eller er det fordi eg rett og slett eig for mykje? Har eg eit spesielt utprega og sterkt distrégen? Mange ting kan tyde på at vi snakkar om ein kombinasjon.

La det likevel ikkje vere usagt at eg er ekstremt distré av meg. Ja, eg er typen som kler av meg, går inn i dusjen og tenker: «Kva i all verda var det eg skulle her?» For så å kome på at eg eigentleg berre skulle inn på badet og hente ein pinsett.

KK-spaltist Fredrik Steen. Foto: Astrid Waller.
KK-spaltist Fredrik Steen. Foto: Astrid Waller. Vis mer

Du synest kanskje at dette er morosamt? Jaudå, eg kan sjå nokre flikar av komikk i det i eit langt perspektiv. Men for meg er dette først og fremst svært plagsamt. Eg er lei av å vere distré, og eg treng hjelp no.

LES OGSÅ: Åh, heisan, du snakkar dialekt, kor artig!

Diagnosejakt

Pressa er stadig på jakt etter diagnosar, og vi vassar i historier om angst, søvnløyse, ADHD, psoriasis, ereksjonssvikt og psykopati - samt eit vell av ulike variantar av folk som møter veggen.

Kva med oss distré? Når skal vi som går på byen i ny sommarskjorte med ein stor prislapp i stiv kartong hengande nedover ryggen bli hovudgjesten i Puls på NRK?

Yngstepoden skulle ta føremiddagsluren sin her om dagen, og eg vart spurt om å finne eitt av teppa hans.

– Kvar er dei teppa, då? spurde eg min betre halvdel.

– I den same hylla som dei har vore i sidan han vart fødd! fekk eg som svar.

Og dette er berre byrjinga. Ifjor skulle eg levere dattera mi i barnehagen, eit oppdrag som i utgangspunktet kjem inn under kategorien «rutine». Eg fann den siste ledige parkeringsplassen rett ved inngangen, lukeparkerte som ein konge– og skrudde av motoren.

Så tromma eg lett på rattet med høgrehanda medan eg nynna lett for meg sjølv - og så starta eg bilen att og tok fatt på heimturen.

LES OGSÅ: Neste gong du går forbi eit skilt der det står napping av bryn - så vil eg du skal tenke deg om

For liten parkeringsplass

Så høyrer eg ei spinkel stemme frå baksetet:

«Skal eg ikkje i barnehagen i dag likevel, pappa?» (...)

«Hæh?! Kremt! Jaudå, eg må berre finne ein annan parkeringsplass, host-host!».

«Var den andre parkeringsplassen for liten?» spør 5-åringen.

«Kremt, kremt! Njææ, for liten og for liten – den føltes berre ikkje heilt rett.»

Og sånn går dagane for ein som stiller i eliteklassen i NM i distré når det måtte vere.

Så no er altså trollet ute, og eg kan berre håpe at det sprekk før eg gløymer kva eg heiter. Eg er nemleg så distré at dei aller beste/verste historiene vel eg å halde for meg sjølv.

No er det kanskje lett å tru at distré-merkelappen er noko eg hektar på for å bruke som ei unnskyldning for latskap, men det er det altså ikkje. Eg vil ikkje vere distré. Eg vil slutte å leite etter bilnøklar og lommebøker. Eg vil slutte å reise på ferie og vite at eg har gløymt noko svært viktig, berre ikkje kva.

Eg vil vere prinsen av ro og orden, kongen av Zen, tsaren av inn- og utpust. Og oppi det heile vil eg gjerne finne ut kvifor det har seg slik at eg kan stå på scenen og huske eit manus på 30 sider, medan eg ikkje veit kvar eg la frå meg bilnøklane for eit kvarter sidan. Er der ein missing link ein stad?

No skal eg ut i sola. Og ja, eg har hugsa å smøre meg inn med høg solfaktor. Pussig, det der.

LES OGSÅ: Deiligere å være norsk i Dubai enn i Danmark

Sjekk KKs kjærlighetshoroskop

Saker spesielt utvalgt for deg: