Er du ein av dei som kvir seg for å oppsøke legen i forbindelse med plager ein får i overgangsalderen?
Kanskje har du ein mannleg lege som du føler ikkje forstår deg? Eller ein kvinneleg lege som sjølv har mange år igjen til overgangsalderen? Eller enda verre: ein godt vaksen kvinneleg lege som er ein av heldiggrisane som har sluppe billig unna? Ei som ikkje har merka anna enn at mensen stille og roleg forsvann ein onsdag ettermiddag, og som dermed har null forståelse for den som har det kjipt både psykisk og fysisk.
Det går på psyken laus om ein ikkje kjenner seg i trygge hender når ein skal gå til legen. Det er så viktig at ein vert tatt på alvor. Det er viktig å bli trudd når ein sit der i stolen ved sidan av skrivebordet, kor blodtrykksmålaren står pent plassert ved sidan av pc-en med legejournalen din som lyser mot deg.

- Takk for at du prøvde å krølle håret mitt med papiljotter etter mamma døde
Det er noko med at overgangsalderen er litt pinleg og tabu. Noko ein ikkje roper høgt om, men som blir avfeia med at dette må ein berre lide seg gjennom. Det er noko vi rett og slett har børsta under teppet og ikkje snakka om i årevis. Det er kanskje no dei sista åra at dette har fått eit litt auka fokus. Og det var verkeleg på tide, spør du meg.
Annonsørinnhold
LYKO
Du påfører vel ikke parfyme her?(Det har dessverre vi gjort!)
i samarbeid med LYKOMin fastelege fortalde meg at det han hadde hatt om overgangsalderen og medførande plager, var gjort unna på ein time under legestudiet. Har du høyrt på maken? Ikkje rart vi må sette kvinnehelse på agendaen – og i dette tilfellet overgangsalderen. Etter 10 års erfaring kan min fastlege fortelje meg at han har lært mykje om overgangsalderen etter mange pasientbesøk av kvinner som ikkje har hatt det så bra. Han har mykje meir fokus på overgangsalderen etter at han byrja på legekontoret som fastlege. Han har alltid dette «top of mind» når det kjem ei kvinne i den «rette» alderen inn døra hans med plager som kan stamme frå alt mogleg rart. Det han seier, er at det er viktig å få oversikt over alle aspekt med pasienten. Han spør kva pasienten sjølv trur det kan være? Noko eg trudde var noko av det mest irriterande ein pasient kan finne på overfor legen sin, at pasienten har stilt sin eigen diagnose etter å ha lese seg opp på det store internettet …
Men nei, min lege seier at for å kunne hjelpe, må ein ha heile bildet frå pasienten. Det er også snakk om å kunne berolige med kva det faktisk IKKJE kan være.

Slik gikk det da Ida skulle bli en 5 am-morning-girl
Då eg fyrste gongen gjekk til legen min og trudde eg var alvorleg sjuk, hugsar eg at han spurde meg om akkurat dette, kva eg sjølv trudde det kunne være. Det enda med blodprøver og ein forsikring om at plagene mine mest sannsynleg ikkje var dødelege. Eg var likevel ikkje heilt sikker før eg fekk resultatet frå laboratoriet om at eg var komen i overgangsalderen. Heldigvis har eg ein fastlege som tilbyr meg den hjelpa eg kan få for å lindre plagene mine. Så heldig er det ikkje alle som er, dessverre. Derfor er det viktig at fastlegar får større kunnskap om overgangsalderen. Ein fin måte å starte på, er å snakke heilt uforbeholdent til sin fastlege og ikkje finne seg i ikkje å bli tatt på alvor. Her er det berre å gønne på, jenter. La ingen få bagatellisere korleis du har det. Punktum!
Oppdag mer mote, livsstil og historier fra virkeligheten på KK.no

Da Hege skulle føne håret åpenbarte det seg noe rystende
