Eli Kari Gjengedal:

Eg vart dumpa av venninna mi

Frå å prate fleire gonger på telefonen kvar einaste dag og treffast i tide og utide, vart det brått heilt stille. Eg ringde og ringde, men fekk aldri svar.

FOTO: Astrid Waller
FOTO: Astrid Waller Vis mer
Publisert

Å bli dumpa av ein god venn er nesten verre enn å bli dumpa av ein kjæreste, er min påstand.

Eg seier «nesten verre», for alt er med atterhald om situasjonen så klart. Uansett er det vondt å bli dumpa. Ein kan også oppleve å bli dumpa av barna sine eller av foreldrene sine. Eg har, då eg såg filmen hans, høyrt musikaren Kamelen beskrive ­korleis han opplevde at faren dumpa han, og eg har høyrt Jan Thomas fortelje på «Skavlan» for nokre år sidan korleis han valde å dumpe faren sin då han var tenåring. Alle kan bli dumpa på eit eller anna vis. Som oftast har dumpinga ein god grunn.

Eg har opplevd nokre dumpingar opp gjennom livet. Eg hugsar ein sommar­flørt på 1990-talet dumpa meg så det song. Katten vår dumpa meg også for nokre år sidan og flytta ned i smauet og inn til naboen.

Men den ­verste dumpinga var då ei venninne brått slutta å ta kontakt. Ho svara heller ikkje når eg prøvde å få tak i henne. Ho var som sunken i jorda. Eg skjøna etter ei stund at eg hadde vorte både dumpa og «ghosta» på ein og same tid. Frå å prate fleire gonger på telefonen kvar einaste dag og treffast i tide og utide, vart det brått heilt stille. Eg høyrde ingenting, og sjølvsagt forstod eg endå mindre. Eg ringde og ringde, men fekk aldri svar.

Det er gått over 10–15 år sidan det skjedde, og eg tenkjer framleis på det. Det er heilt sikkert ein god grunn for at det skjedde, men eg fekk aldri vite kva det var. Eg har sjølvsagt etter mykje tenking kome fram til ein teori. Ein teori som gjev meg ro, men samstundes kan den være så ultratynn at den kan minne om ei skjør og glatt hinne med underkjølt regn på asfalten.

Det å bli vald bort av nokon ein er glad i, er til tider nesten uuthaldeleg, i alle fall dersom ein i tillegg trur at det er for alltid. Det blir nærmast som om nokon er gått bort. Korleis ein taklar slike opp­levingar, er sjølvsagt svært individuelt.

Eg har diskutert med ein god venn ­dette med vennedumping. Ho sa noko klokt til meg. Ein skal aldri gje opp ­håpet om at det kan endre seg. ­Vennskap er på mange måtar som ­ekteskap. Det går opp og ned. Nokre gonger treng ein litt tid for seg sjølv.

Er ein gode nok venner – og vennskapet har eit godt fundament – vil ein kome gjennom slike hendingar. Ein vil mest sannsynleg på eit eller anna tidspunkt finne tilbake til kvarandre. Og så blir alt bra igjen. Dette gav meg eit slikt fint håp. Eit håp om at vennskap ikkje nødvendigvis er over ved første vanskelege sving. Ved å vise forståelse og være tolmodig og raus kan det meste endre seg.

Tenk berre på «Tuppen og Lillemor», det bles ­stikker og strå på toppane der i songen ei lita stund, men så roar det seg ned, og det er tid for forsoning. Godt funda­menterte vennskap kan i dei fleste tilfelle reddast. Ein må berre rett og slett ikkje gje opp. Kanskje om eit år så sit ein der saman igjen sjølv om det ser mørkt ut akkurat no. Vær ­tolmodig, det kan lønne seg.

Oppdag mer mote, livsstil og historier fra virkeligheten på KK.no

Følg på Instagram Abonner på KK magasinet

Vi bryr oss om ditt personvern

KK er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer