ENDELIG! Du skal berre klippe tuppane, men innser at det blir kort bob fordi halve håret er slitt. Då er det fint å skylde på korona. FOTO: NTB Scanpix
ENDELIG! Du skal berre klippe tuppane, men innser at det blir kort bob fordi halve håret er slitt. Då er det fint å skylde på korona. FOTO: NTB Scanpix Vis mer

Koronahår

- Eg veit svært lite om å sakne frisøren

Det var ikkje mangel på sosial kontakt som var tyngst å leve med under korona-krisa. Det var det ustelte håret, skriv KK-spaltist Fredrik Steen.

Publisert

- Rekk opp handa alle som er nøgde med sitt eige hår, oppmodar KK-spaltist og komikar Fredrik Steen.

Når vi om 50, 60 år ser tilbake på 2020, og på årleg og tradisjonelt vis skal heidre og minnast dei største heltane under korona-krisa, er det ikkje sjukepleiarane, lærarane, renovatørane eller budbilsjåførane som får størst krans på minnesteinane sine.

Nei, vi vil heller heidre dei som ga meir enn mest, dei som tok liding til eit heilt nytt nivå: Vi snakkar om dei heltane som hadde mot nok til å halde ut med eige hår.

LES OGSÅ: Er det mulig å be om litt mindre service?

Fredrik Steen (50)

  • Feminist og fast spaltist i KK
  • Er forøvrig komikar, skodespelar og songar.
  • Er sambuar, har fire barn.
  • Oppvaksen i Ulsteinvik, men no busett på Austlandet

Ettervekst-sjokk

KK-spaltist Fredrik Steen
KK-spaltist Fredrik Steen Vis mer

Det måtte kanskje ein bråstopp til for at vi skulle sjå det pussige i at der finst ein gigantisk marknad for farging av ettervekst på hår. Urovekkande mange – og spesielt kvinner, er nemleg ikkje nøgde med eigen hårfarge, for brunettene vil gjerne vere blondiner og blondinene vil helst vere brunetter.

Dette fører i tur til at det er svært mange kvinner i Norge som ikkje har sett den originale hårfargen sin på fleire tiår. I tillegg vil dei som har krøllar ha stritt hår, og dei med stritt hår vil ha krøllar. Og så har du dei som alltid må poengtere at frisøren deira kan bekrefte at det totale talet på hårstrå er heilt innanfor normalen, men kvart hårstrå er så utruleg tynt og dermed umogleg å forme.

Viss det er nokon der ute som faktisk er nøgde med det håret eller hårfargen dei er fødde med, ver venleg å rekke opp ei hand eller liknande. VG Helg vil sikkert snakke med deg.

LES OGSÅ: - Å kome på døra utan avtale er nesten like frekt som å spionere på ein som dusjar

Kjøpte barbermaskin og raka bort alt

Eg tippar at menn bruker mindre tid på å bekymre seg for håret sitt enn kvinner, så sant dei ikkje har begynt å bli tynne i luggen, då. Sjølv har eg glattbarbert isse. Dei fjona som måtte ha mot til å gro lengd der oppe kan nemleg aldri samlast til noko som fortener å verte kalla ein sveis. Ikkje eingong ein korona-sveis.

Det begynte rundt 20-årsalderen. Eg var i militæret og hadde registrert at luggen brått blei så rar og flisete medan vikane vart større og større. Etter eit års tid med massiv skallemassering – eg hadde lese at det kunne hjelpe mot hårtap, innsåg at eg slaget var tapt.

Eg såg meg sjølv i spegelen og sa: «Okay, Fredrik! Hvis du ikkje kan vere kul utan hår, har du heller aldri vore kul med hår!»

Det var då eg kjøpte mi første barbermaskin og raka bort alt. Sidan den gongen har hårtap vore ein av dei aller minste utfordringane i livet mitt. Forresten, ein liten fun fact: Etter at hårslaget var tapt, kom eg over ein annan artikkel som hevda at massering av skallen faktisk kunne framskunde hårtap...

Eg veit altså svært lite om kva det vil seie å sakne frisøren sin, for sist gong eg sat i ein frisørstol må ha vore i 1991. Men eg forstår sopass at når økonomien går i dass, og fleire hundre tusen av oss ikkje veit kva vi skal leve av i morgon, så vil vi i det minste vere fine på håret.

Ein kan sjå det på bilde frå krigen òg. Det var langt i frå kvar dag det stod eit varmt måltid på bordet – men fjonge på håret var folk i alle fall.

LES OGSÅ: Hundeeigarar er ein eigen rase

Vi bryr oss om ditt personvern

kk er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer