Det viser seg nemleg at det å vere oppblåsen er eit tidleg symptom på overgangsalderen. Dette kjem av at hormonendringane påverkar fordøyelsen. Trur de ikkje at det fallande østrogennivået også har ei rolle å spele når det gjeld magen og tarmen?
Når østrogenet synk, aukar kortisolnivået. Høge kortisolnivå påverkar fordøyelsen. Aldri om eg hadde trudd for nokre år sidan at ein sterk tarm er som ei sterk arm (prøver meg på ordspel her). Eg har eigentleg aldri tenkt på tarmen min i det heile tatt, før eg kom i overgangsalderen. Kva søren er det som skjer? Jau då, ikkje berre legg ein på seg ekstra rundt midjen utan å eta noko særleg meir enn før – når menopausen er eit faktum – ein vert også oppblåst. Sånn heilt ut av det blå.

- Jeg har så mye dårligere råd enn venninnene mine
Det er berre å halde seg heime i si eiga stove
Og attende til fårikålen. Det er å be om bråk, bokstaveleg talt, om ein hiv i seg ein porsjon fårikål oppå denne overgangsballongen av ein mage. Det skulle rett og slett ikkje vore lov. For å seie det rett ut: Etter ein middag med Norges nasjonalrett, så er det berre å halde seg heime i si eiga stove. Alt anna vert ei katastrofe utan sidestykke.
Av og til ser eg føre meg alle moglege og umoglege situasjonar der eg plutseleg slepp ein ukontrollert fis. Og sjølv om flatulens er noko av det mest naturlege i verda, og alle veit at alle kroppar fungerer på meir eller mindre same måte, så er det dødspinleg om uhellet skulle skje. Før hadde eg ein frykt for at buksa skulle dette av under direktesending på tv. Eg brukte å presse ut magen, slik at jeg kunne kjenne at buksa hang på meg. No er ein ny redsel fødd, og situasjonen er meir eller mindre snudd på hovudet. Magen er av og til så full av luft at eg er redd for at ein promp skal forlate skrotten medant eg sit og pratar om været på nyheitene. Kan du sjå for deg kor ubeskriveleg skamfullt det ville vore? Eg ville truleg aldri kome over det. Eg ville blitt ho som feis på tv, resten av mitt liv.

- Da den femte familien slengte sammen en dobbel bolledeig, knakk jeg sammen i gråt
Dét er redselen, men kva med ubehaget? Det er ubehageleg å kjenne seg så oppblåst at ein er redd for å sprekke når som helst. Berre ei lita brødskive med brunost til lunsj kan vere nok til at magen står som ein ballong ut av blusen. Det er på mange måtar eit kjipt ubehag. Ein får knapt puste når magen står som eit trommeskinn. Ein vert så sliten av å gå rundt og kjenne på det også. Kjenne både på ubehaget og redselen. Og om ein går på do og prøver å bli kvitt litt luft, då skal eg seie at det kan sitte som betong i magen. Er det mogleg? Men ikkje ver redd, det går stort sett over. Og så kjenner du kanskje att kva for mat som utfordrar systemet.
Men sjølv om eg veit at fårikål er det verste av det verste, så går eg på den smellen gong på gong. Norges nasjonalrett kan ein liksom ikkje slutte med. Overgangsalder eller ei. Ein får lide litt for eit godt gamaldags haustmåltid. Eller?
Oppdag mer mote, livsstil og historier fra virkeligheten på KK.no
