Eli Kari Gjengedal:

Ein 40-åring som kler og oppfører seg som ein 14-åring. Noko so pinleg?

Aldri har eg måtte tygge i meg mine ord som eg har gjort med denne uttalelsen.

FOTO: Astrid Waller
FOTO: Astrid Waller Vis mer
Publisert

Har du høyrt uttrykket «forty goes forteen»? Det har eg. Det er i sanning eit litt kjipt rykte å få på seg. Kva det betyr, ligg beint fram i ordet. Ein 40-åring som kler seg og oppfører seg som ein 14-åring. Noko so pinleg?

Det blir på same måte som ein person som liksom ikkje kjem seg vidare i livet. Ein heng att i ungdoms­tida. Ein stagnerer på eit årstal. Det finst folk som raggar rundt i bilen sin med 18-åringar i baksetet og har gjort det i 20 år. Greia er ofte at sjåføren har runda 40. Han har altså ikkje kome seg vidare i livet sidan han sjølv var 18 år og ragga rund med flunkande nytt serti­fikat og jamaldra venner i bilen. Alle dei som sat på den gongen for 20 år sidan, er komen seg vidare, har fått seg god jobb og familie. Det er berre han eine stusslege som sit att i raggegjørma. Han cruisar framleis rundt med 18-åringar i baksetet.

Eg hugsar vi hadde nokre slike i bygda mi i min oppvekst. Single mannfolk på 40 som køyrde småjentene heim frå fest. Stusslege saker om eg skal seie det rett ut. Men slike finst, både menn og kvinner.

Eg hugsar eg sa ein gong til ei venninne som hadde venner som var mykje eldre enn seg, at dei ho hang med, måtte då være litt rare. At dei burde ha venner på sin eigen alder og ikkje henge saman med ungdomen. Då sa ho at alder har no ingen betydning for eit vennskap.

Og det er heilt riktig. Aldri har eg måtte tygge i meg mine ord som eg har gjort med denne uttalelsen. No har eg gode og nære venner som eg kunne vore mora til. Og det har eg hatt i mange år. Ikkje berre ei, eg har mange. Eg opplever etter å ha levd i over 50 år at ­vennskap ikkje har noko med alder å gjere.

Eg har venninner som både er mykje eldre og mykje yngre enn meg sjølv. Det er klart eg ­solar meg voldsomt i glansen når eg ikkje er den eldste i flokken. Men ofte er eg det. Og eg beint fram elskar dei yngre venninnene mine. Eg lærer så mykje av dei, og dei held meg ung til sinns. Eg veit rett og slett ikkje kva eg skulle gjort utan mine 10–15 år yngre venner og venninner.

Men ein stad går grensa, og det er stilen. Å kle meg som venninnene til min einborne son på 17, det kjem ikkje på tale. Å skli rundt i minitoppar og altfor trange bukser med hint av kameltå er rett og slett bannlyst for meg. ­(Kameltå er min største skrekk.)

Nei, her må eg være smart. Eg må ­køyre ein foxy stil som kler alderen min. Eg vil så ­gjerne eldast med stil. Men det er ikkje så enkelt, skal eg seie dykk. Eg har skjønt at det er ein balansegang av høgare rang som gjeld når ein skal treffe det ung­domelege uttrykket i vaksen alder utan å bli desperat. Det er eit kunst­stykke! Det er som å balansere på line med pumps. Det er kort veg frå ei delikat foxy frue på 50 til ein harry utgave av «fifty goes fifteen».

Men eg gjev ikkje opp sjølv om eg får slakt av Jan Thomas i ny og ne. Samstundes må eg få sitere ein ­annan kjend stylist ved namn Erlend Elias: «Gjør ka faen du vil.» Er det så nøye, så lenge du er happy, seier no berre eg!

Oppdag mer mote, livsstil og historier fra virkeligheten på KK.no

Følg på Instagram Abonner på KK magasinet

Vi bryr oss om ditt personvern

KK er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer