TO BRILJANTE VENNINNER: Elena (t.v) og Lila konkurrerer om å vere best i klasserommet. Ute i Napolis gater forsvarar dei kvarandre mot den brutale røynda. FOTO: HBO Nordic
TO BRILJANTE VENNINNER: Elena (t.v) og Lila konkurrerer om å vere best i klasserommet. Ute i Napolis gater forsvarar dei kvarandre mot den brutale røynda. FOTO: HBO NordicVis mer

Mi briljante venninne:

Ein hyllest til MI briljante venninne

Vi har vel alle hatt ei briljant venninne. Desse små, smarte jentene som reknar fortare enn ein kalkulator og sluker bøker. Her er historia om mi.

Vi skriv tidleg 80-tal, i ei mellomstor bygd på Vestlandet. Skulen var eit stort kvitt trehus ved fjorden. Eg hadde kjeda meg grassat det siste året i barnehagen, ja til og med prøvd å seie opp plassen, men no skjedde det endeleg noko: SKULE!

Eg huskar ei lærarinne som stoppa meg i korridoren ein av dei første dagane og med mild stemme roste meg for at eg kunne skrive namnet mitt. Eg tenkte; «Namnet mitt? Så klart kan eg skrive namnet mitt, eg er sju år!»

Vi var ein stor gjeng, nesten 30 elevar, med ei lærarinne som sto for god gammaldags disiplin. Ja, i alle fall var det målet. Av og til ba ho oss vere så stille at vi skulle høyre ei knappenål falle. Eg høyrde aldri den nåla, men har ofte lurt på om ho eksisterte.

Det var mange armar og bein i det klasserommet. Men ein dag la eg merke til ei jente som sat og jobba i eit forrykande tempo. Eg visste det ikkje då, men ho skulle bli mi briljante venninne.

LES OGSÅ: Det store spørsmålet er om det er farlegare å bli hekta på Fortnite enn på Yatzy

Det beinharde italienske 50-tallet

Medan eg gjekk i rufseklær og avkutta støvlar, hadde ho vest, ofte skjørt og fine fletter. I ein mattetime kalte læraren henne for «ei reknemaskin» og ga henne ei ny bok, med ekstraoppgåver.