Du held på å gå ut av ditt gode skinn. Du har lyst til å skrike ut. Alt inni deg er på grensa til å eksplodere. Det er reine torturen. Men du held deg for god til å la irritasjonen få utløp.
Sjølv om du har hatt terroren over deg i 45 minutter og er på bristepunktet. Du veit at kjelda til irritasjonen jobbar på spreng med saken. Det er ikkje til å halde ut, men du held fokus og sit på hendene dine i setet, pustar roleg og ser rett fram.
Du har havna på seterada framfor ein barnefamilie på flyet, og toåringen skrik ustanseleg med eit desibelnivå verda knapt har høyrt før. Du høyrer ikkje eingong deg sjølv tenke. Kva skal ein gjere? Det er ikkje anna råd enn å håpe at foreldra klarer å stagge rakkaren. Noko som ikkje er så lett.

Lei av å forklare Zlatan-bilde på telefonen
Eg kan hugse kjensla den gongen eg sjølv hadde toåringen med meg på flyet, og poden starta med ulande sirener fordi han ikkje ville sitte fast i selen. Eg stressa på meg hovudverk og kvalme. Dei stirrande, irriterte blikka frå dei andre passasjerane var heilt forferdelege. Eg gjorde alt som stod i mi makt for å få ungen min til å – ja, for å kalle ein spade for ein spade – halde kjeft. Eg stappa i han smokkar og tåteflasker med eplejuice. Men kva hjelper det når alt blir spytta ut og alarmen uler vilt. Du veit at det einaste som kan hjelpe, er å løyse han frå selen og la han krabbe rundt på golvet. Men slik er ikkje verda i eit fly som skal lette. Då lyt alle sitte fastspente til vi er i lufta. Punktum. Security first. Og sånn skal det sjølvsagt være.
Fyrst og fremst synest eg forferdeleg synd på dei hardtarbeidande foreldra som stressar vilt med ungen, og eg kjem sjølvsagt ikkje til å kommentere noko som helst. Eg jobbar på spreng med ikkje å bli freista til å himle med augo. Men fyttikatta, er det mogleg å ha slik uflaks? Eg sit med tankar om å be om pengane mine attende, flyturen er fullstendig øydelagt for meg – og ikkje minst 30 prosent av dei andre passasjerane. Eg hadde gleda meg til eit lite glas vin og full avslapping. Men no blir det fire timar terrorvelde i staden.

«Brystvortene knoppet seg under den trange blusen»
Eg orkar ikkje vin eller noko som helst anna snacks frå handletralla, eg har mi fulle hyre med å halde meg roleg. Dette er verkeleg ein øvelse i sjølvkontroll. Svetten står i panna, og ilingar av irritasjon strøymer gjennom kroppen. Eg kjenner det langt nede i stortåa, som er plassert god og svett nede i skoene under setet.
Det var ikkje alle som klarte å halde seg. Men det gjorde Eli Kari. Eg såg til og med for meg korleis eg skulle ta den stakkars gutungen med meg nedover midtgangen og lufte han litt, så skrikinga stoppa. Då ville eg bli dagens helt på flyet, og alle ville nikke anerkjennande til meg med takksame auge. Eg heldt fast på det bildet inne i hovudet mitt heilt til vi landa. Dagens helt skal ein ikkje kimse av, dagdrøyminga mi vart redninga då eg opplevde flyturen frå helvete.
Sjølv om ein er blitt godt vaksen, skal ein halde fram å drøyme både dag og natt, spør du meg, det kan løne seg. Etter dette basketaket kan det hende at eg har forbrent like mange kaloriar som den svette bagetten eg raska med meg frå kiosken på veg til gaten på flyplassen? Eg går i null! Oi, eg drøymer vidare!
Oppdag mer mote, livsstil og historier fra virkeligheten på KK.no
