MEIRSAL: Skulle ha plaster, endte opp med full julehandel - på apoteket. I denne spalta skriv Fredrik Steen om meirsal. FOTO: NTB scanpix
MEIRSAL: Skulle ha plaster, endte opp med full julehandel - på apoteket. I denne spalta skriv Fredrik Steen om meirsal. FOTO: NTB scanpix Vis mer

Fredrik Steen

- Er det mulig å be om litt mindre service?

- Når eg berre skal ha ein pakke plaster på apoteket, men endar opp med eit duftlys, ulltøy og eit spasett, må eg spørre: Kva skjedde?

Desember er tida for å tenke litt ekstra hardt på dei som ikkje har det så bra - på dei som har ei så tung bør at den strengt tatt burde ha vore delt på fleire. Det er mange av denne sorten på lista mi, men i dag har eg likevel tenkt å fokusere på éi spesiell og svært utsett gruppe: dei som får beskjed av sjefen sin om å selje meir.

Ja, i dag vil eg tenne eit lys for meirsalsfolket. «Kor mykje meir må eg selje?» spør ofte meirsalsfolket sjefen sin. Svaret er det same kvar gong: «Meir. Meir enn det folk eigentleg treng. Meir enn du hadde kome til å selje dersom du ikkje hadde selt meir. Og dersom du greier å selje meir, kan du alltids selje litt til. Capiche?»

LES OGSÅ: Fredrik Steen: - Eg treng hjelp no!

Elleville pølsedagar

Du finn dei som regel ståande bak ein disk. Mange av dei vert overtala til å ha på seg teite hattar eller t-skjorter som fortel at det er elleville pølsedagar eller krembolleseptember og slikt.

Apropos pølser og bollar: Det er jo artig at dette skulle verte ei så viktig biinntekt for oljebransjen. Eg er rimeleg sikker på, i 1969, då oljen storspruta opp frå Ekofisk-feltet, då må der jo ha vore minst to stykker i eit kontrollrom som sat og såg på kvarandre med gull i blikket.

TA DEG EIN BOLLE: KK-spaltist Fredrik Steen er lei av å takke nei til bollar og dørsal. FOTO: John Andresen
TA DEG EIN BOLLE: KK-spaltist Fredrik Steen er lei av å takke nei til bollar og dørsal. FOTO: John Andresen Vis mer

Så seier den eine: «Wow, Egil! Sjå oljen! Dette kjem til å bli stort!»

Så seier Egil: «Ja, men det stopper ikkje der, for vi kjem i tillegg til å selje noko så inni granskauen med pølser og krembollar!» (...)

«Korleis skal vi få til det?» spurde Gunnar.

«Vi skal berre mase på folk – etter at dei har fylt opp tanken» sa Egil.

Akkurat der og då trudde nok Gunnar at det hadde klikka for Egil, men i dag veit dei begge at han traff spikaren midt på hovudet.

Sjølv om eg ikkje liker å innrømme det, fyller eg drivstoff på bilen innimellom. Eg prøver alltid å unngå blikkontakt med ekspeditøren i slike situasjonar, for vi veit jo kva som kjem: «Vil du ha med ein bolle til 10 kroner i dag?» Det er ikkje det at det er så himla vanskeleg å seie nei til bolle, men eg synest berre så synd på ekspeditøren som gjennom eit direktiv ovanfrå er forplikta til å stille dette maskinelle spørsmålet til kvar einaste kunde som kjem inn døra. Er ikkje skiltet med bolletilbodet nok? Tydelegvis ikkje, for her skal det masast. Slik at dei som er rike fra før kan bli kvalmt rike. Hyggeleg å hjelpe til, altså.

Styr unna marknadsføring

Til alle unge der ute som lurer på kva dei skal satse på i framtida: Styr unna marknadsføring og bedriftsøkonomi. Klokka har ringt og begeret er overfylt. Beviset på at klokka har slått 12 for marknadsførarar er at det gode, gamle dørsalet er tilbake. Ringen er slutta. Her pøsar fiberleverandørarane og kraftselskapa ut millionar i digital marknadsføring, men dei har likevel funne ut at dei skal sende ut folk og begynne å banke på dører igjen.

Og det siste innan denne type oppsøking er at dei beklagar for at dei ikkje har vore så gode som dei burde ha vore. Det har dei nemleg lært på kurs. Slik at vi skal oppleve dei som ekte og audmjuke menneske og få lyst til å gje dei ein klem før vi signerer ny og oppgradert fiberbandsavtale.

LES OGSÅ: Pass deg for gale hundeeigarar!

Omsorg

På «Debatten» på NRK1 den 19. november lærte vi at apoteka har sin eigen definisjon på meirsalet: «omsorgssal». Det er difor du lett ender opp med ulltøy, duftlys og eit spasett – når du eigentleg berre var innom for å kjøpe plaster. No forstår eg i alle fall kvifor farmasøytane dei siste åra har prata til meg som om dei var den bekymra fastlegen min.

I tillegg er det umogleg å gå rundt på apoteket og kike fredeleg i hyllene. Før det har gått fire sekund er dei oppi nasen din med serviceinstillinga si. Eg veit ikkje korleis det er med deg, men eg får hetta av slikt. Eg får ikkje puste, og får i alle fall ikkje lyst til å handle meir enn den nasesprayen eg kom for.

Merk at Legemiddelverket har sett begrensningar for kjøp av nasespray med det avhengigheitsskapande stoffet oksymetazolinhydroklorid: berre éin per kunde. Ja, der passar dei på. Fint om dei òg kunne setje av litt ressursar til å regulere kor langt innanfor intimsona dei apotektilsette har lov til å gå. Inntil vidare er nemleg dette min definisjon på omsorg.

Men no er tida inne til å frigjere meirsalsfolket. Gje dei liva sine tilbake! Sei nei takk til meirsal!

LES OGSÅ: - Å kome på døra utan avtale er nesten like frekt som å spionere på folk som dusjar