KK-spaltist Fredrik Steen meiner han sjølv ville slitt med truverdet som eigedomsmeklar. Kvifor? Det har visstnok med håret å gjere, meiner han sjølv då. FOTO: John Andresen
KK-spaltist Fredrik Steen meiner han sjølv ville slitt med truverdet som eigedomsmeklar. Kvifor? Det har visstnok med håret å gjere, meiner han sjølv då. FOTO: John Andresen Vis mer

Fredrik Steen

- Er du mann og vil bli eigedomssmeklar, har du berre to frisyrer å velje mellom

- Der fins enkelte døme på skalla eigedomsmeklarar, men dei sel dårleg, hevdar KK-spaltist, Fredrik Steen.

Det er noko eige med folk som tener penger på transaksjonar. Vi snakkar om hyggelege folk her – det er ikkje det, men det skjer noko med hårsveisane deira. Ja, vi snakkar om eigedomsmeklarar, yrkesgruppa som har brukt mange år på å bygge eit system som hevdar at det er komplett umogleg å foreta eit boligsalg utan at meklaren held deg i handa.

Og det er nok tryggast slik. Meklaren gjer ein viktig jobb, men yrkesvalet kjem med ein høg pris. Dersom du er mann og har bestemt deg for å bli eigedomssmeklar har du nemleg berre to frisyrevariantar å velje mellom: gardinsveis eller bakoversveis med bryl. Der fins enkelte døme på skalla eigedomsmeklarar, men dei sel dårleg og slit med lav truverdigheit. Skalla folk slit generelt med lav truverdigheit, la det vere sagt.

LES OGSÅ: Kven er du, Fredrik Steen?

Perleøyredobbar

Er du kvinne og vil bli eigedomsmeklar, får du i fadderveka på meklarstudiet beskjed om å ha håret stramt bakover i ein hestehale, samt stikke på byen og kjøpe eit godt utval av perleøyredobbar. Dei treng ikkje vere så dyre, det viktigaste er at dei er større enn øyreflippen din.

SPALTIST: Vår mann i KK, KK-spaltist, komiker og firebarnsfar, mellom anna.
SPALTIST: Vår mann i KK, KK-spaltist, komiker og firebarnsfar, mellom anna. Vis mer

Perlene vil ha ei hypnotiserande effekt på potensielle budgjevarar og sørger i mange tilfelle for at folk legg inn bud som går langt over det planlagde budsjettet.

Mange kritiserer meklarstanden for å ta seg godt betalt for ei teneste som strengt tatt berre handlar om å flytte pengane frå kjøparen sin konto og over til seljaren sin konto. Men vi skal ikkje vere strenge her, ein får nemleg så mykje, mykje meir når ein har med eigedomsmeklarar å gjere.

Poesi for einkvar bolig

For det første får du flotte og forseggjorte prospekt fylt med poesi av høg kvalitet. Dei mest påkosta prospekta i dag har både stive permar og gullforgylte detaljar på framsida. Ja, dei er rause, desse meklarane – og sparar ikkje på noko. Om du samlar på mange nok prospekt kan du bunte dei i hop og setje dei i bokhylla.

– Krim eller kunst? vil venene dine spørje når dei ser dei stramme og rakrygga prospekta i bokhylla di.

Då er mitt forslag at du bør vere heilt ærleg. Sei rett ut at du har spesialisert deg på meklarpoesi, ei poesiform som får dei mest statsstøtta og stipendierte poetar lysegrøne av misunning. Meklarane er nemleg sjeldan blyge når dei skal smørje på, og slikt blir det stor poesi av!

Ingen er vel dyktigare enn meklarar til å få meir katarsis ut av ein standard peisovn i ei to-roms som strengt tatt treng full rehabilitering. Det er då du kan du lese ting som «Sjarmerende vedovn som gir lun varme på kalde dager. Her kan du skape din egen drømmebolig helt fra bunnen av.»

LES OGSÅ: - Åh, heisan du snakkar dialekt, så artig!

Lun varme

På nittitalet hadde eg forresten ein lang periode der eg var svært begeistra for reell temperatur, men eg ser no at eg tok feil: Lun varme held mykje høgare kvalitet. Eg gløymer heller aldri boligannonsa som hadde følgjande bildetekst under bildet av entreen: «Det første som møter deg i leiligheten er entréen.»

Slikt er betryggande for folk som er i boligmarknaden. Ein vil jo helst sleppe å opne hovuddøra på visning og trakke rett opp i badekaret. Ikkje at det er noko gale med å trakke rett opp i badekaret, men om det skulle vere tilfelle, vil ein i alle fall vite om det på førehand. Etter dette går eg aldri på visning utan badebukse.

LES OGSÅ: - Å kome på døra utan avtale er nesten like frekt som å spionere på folk som dusjar

Bilder på skrå

Ein annan fiffig trend blant eigedomsmeklarane er nærbilder på skrå av ting som ikkje følgjer med i huskjøpet. Dette kan til dømes vere såpestykker eller oppskårne båtar av lime i ei skål. Dette er ein fin ting, for det kan bli vel mykje hus og leilegheit i annonser som har som mål å selje hus og leiligheit. Det handlar om å ha noko anna å kvile augene på.

Sjølv selde eg ein bil på same viset ein gong. Bilde nummer 5 i bilannonsen var eit nærbilde på skrå av ei skål med lakrisbåter, med bildeteksta ”Detalj”. Skal seie det vart fart på budgjevinga.

Ein lærer også om fysikk når ein har med eigedomsmeklarar å gjere. Dei fleste veit jo at det er påkrevd med vindauge i hus og leilegheiter, men det er slett ikkje alle vindauge som slepp inn «godt med lys», og dette er mange meklarar flinke til å påpeike. Døme: Luftig stue med vinduer som slipper inn godt med lys.

Eg tippar uansett at lystette vindauge snart går ut av produksjon. Det er i alle fall lov å håpe. Avslutningsvis vil eg seie at eigedomsmeklarar skal ha for at dei ikkje prøver å lure nokon. Fleire og fleire presenterer nemleg nærbilder av kjøkenkrana - medan vatnet renn.

Dette er betryggande for dei som eventuelt skal legge inn bud på eit hus eller ei leilegheit; Vi kjenner jo alle til sakene frå dagspressa der det viste seg at det var montert juksekraner både på kjøken og bad, og dei nye eigarane måtte ta fram bøtta og hente hente vatn i elva på utsida. Dette er sjølvsagt irriterande for dei som måtte gå på ein slik smell, men kranbilder med vatn løyser i alle fall det problemet.

Sjåast på visning, då, folkens!

Sjekk KKs kjærlighetshoroskop

Saker spesielt utvalgt for deg: