Hetetokter:

Etter 4 år i overgangsalder, spurte Eli Kari fastlegen når det skulle ta slutt

Svaret ho fekk gjorde henne både skrekkslagen og rasande.

HETETOKTER: No har eg fire års fartstid som overgangsalderskvinne, og aldri har eg sveitta så mykje som det eg har gjort i haust. FOTO: Astrid Waller
HETETOKTER: No har eg fire års fartstid som overgangsalderskvinne, og aldri har eg sveitta så mykje som det eg har gjort i haust. FOTO: Astrid Waller Vis mer
Publisert

Eg føler at eg har rusla rundt og vore fanga i min eigen sveitte kropp endelaust lenge. No har eg fire års fartstid som overgangsalderskvinne, og aldri har eg sveitta så mykje som det eg har gjort i haust.

Eg trudde kanskje eg var så heldig at det etter kvart ville gå over, men den gong ei. Hetetokter som brenn seg ­innanfrå og utover i kroppen, er eit ­faktum den dag i dag. Slik det var for fire år sidan, då eg fekk vite at eg var komen i overgangsalderen.

Eg er så ­dritlei sveitteperler i panna, våt bart og glinsande kjakar at eg har ikkje ord. Når skal denne kroppslege hetebølga ta slutt? Er ikkje fire år i varmen nok for ein stakkar?

«Nei, dessverre», seier fastlegen. For nokre kan overgangsalderen vare i 10, kanskje 15 år. Har du høyrt på maken til nedtur?

70 år og like sveitt

Eg har snakka med 70 år gamle kvinner som seier at dei framleis kjenner på hetetokter etter 20 år i ­denne tilstanden. Veit de, eg synest det er så urett­ferdig at eg har ikkje ord. Men sånn er det med kvinne­kroppen, den er uransakeleg og heilt uforutsigbar.

Det er blitt sagt i ei bisetning at nokre ­kvinner aldri vert heilt ferdig med overgangsalderen. Dei tar den bokstaveleg talt med seg i grava. Det er då eg ser for meg korleis hormonane mine berre ligg og boblar og kokar i det kalde og stive liket mitt ­lenge etter at eg har takka for meg.

Ei sydande, ­dampande, dissande lita myr er det du ser ved gravsteinen min. Hormon som hoppar opp og ned som vanndråpar som vert til damp frå kokande potetvatn, ligg som ei lokal skodde over grav­steinen min. Det duftar billig, ­fordampa ­parfyme av peonane, som ­nokon har planta ved grava mi til ære for meg. Blomane har alltid ­hormonelle dråpar i kronblada, slik at dei aldri visnar.

Det ser ut til at overgangsalderen overlever kva som helst. Nett som i ein skrekkfilm der den psykopatiske mordaren aldri døyr, men reiser seg gong på gong med den eine kniven etter den andre i skrotten.

Akkurat no ser det ikkje ut til at overgangsalderen har tenkt å trekke seg tilbake frå den ­stakkars kroppen min. Som de skjønar, ser eg mørkt på dette i skrivande stund. Eg drøymer om betre tider kor denne tilstanden kan sleppe taket. Eg har så lyst til å vakne opp ein morgon utan å tørke sveitten av panna før eg i det heile har teke steget ut av senga.

Dei som slepp unna

Kunne eg ikkje vore ein av dei som fortalde med liv og lyst at overgangsalderen, det var noko eg opplevde ein onsdag i oktober. Ein onsdag kor eg ­følte meg litt irritabel og deppa og ørlite grann sveitt i hårfestet.

Og best av alt: Eg vakna opp på torsdagen og var i mitt same, gamle slag. Tenk for ei fantastisk oppleving det hadde vore?

Då ville det vore ein dans på roser å oppleve overgangsalderen, folkens. Eg må berre beundre mine medsystrer som slepp billig unna og unne dei det. Skulle berre så gjerne ønskt det var meg.

Oppdag mer mote, livsstil og historier fra virkeligheten på KK.no

Følg på Instagram Abonner på KK magasinet

Vi bryr oss om ditt personvern

KK er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer