Eli Kari Gjengedal:

Etter at eg kom i overgangsalderen, har måndagane vorte endå tyngre

På måndagar vert eg ein annan person, nesten.

FOTO: Astrid Waller
FOTO: Astrid Waller Vis mer
Publisert

Har du høyrt om måndagsfrykt, eller måndagsangst, om du vil? Det har eg … Eller, eg opp­lever det somme måndagar. Nesten som ein liten vekesdepresjon.

Når eg opplever slike måndagar, tenkjer eg ofte på Petter Stordalen. Han er ein slik som elskar måndagar, har eg sett på Insta­gram. Han er full av energi på denne fyrste dagen i veka. Eg prøver å være som han når eg skal dra meg ut av min eigen måndagsfrykt.

Kunne berre alle måndagar vore slik eg opplever fredagen? Fredagen er min absolutte favoritt av alle vekedagane. Fredag har liksom sin eigen stemning der den ligg som siste krafttaket i veka før det vankar fridagar. Då reknar eg ikkje dei som går turnus, vel å merke. Tenk om alle dagar i veka var ein ­fredag? Det hadde vore noko!

Men kanskje treng vi ein slik skikkeleg kvardag som den ­fyrste dagen i veka er? Ein skikkeleg blåmåndag som vekker ein opp frå helgedvalen. Kor helgekosen med laurdagsvin, seine kveldar og søndagsmiddagen vert bytt ut med fiskepinnar, råkostsalat og vatn i glaset. Men uff, ikkje berre er måndagen beint fram kjedeleg, den byr på rutineprega måndagssyslar, som betaling av rekningar og dårleg samvit for den dyre kjolen eg ­kjøpte på fredagen, då heile verda såg litt lysare ut.

Les artikkelen gratis

Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.