Tidene har endra seg etter at eg var lita. No består påska for mange av alt anna enn ei roleg veke til ettertanke. Ei veke kor ein høyrer på gudsteneste på radioen eller tv, og dreg til kyrkja på langfredag, skjærtorsdag eller påskemorgon. For alt eg veit, er det ikkje alle som veit kva påska egentleg dreier seg om lenger.
Folk dreg til Syden eller til fjells. Dei som er heime, sit på uterestaurant dersom været held i byane våre. Nokon vøler på båten nede ved fjorden – i alle fall om dei har ei tresnekke. Vi høyrer musikken til fjellvettreglane på tv. Folk sjauar på afterski, eller sit i solveggen medan ungane spring etter påskeharen og leitar etter påskeegg med innhald til svimlande summar. Påska er blitt noko heilt anna enn det eg hugsar frå då eg var lita. Og det er heilt greitt, tidene endrar seg, og folk med den. Men litt vemodig også på ein måte.
Då vi feira påske på 1970- og 80-talet i min oppvekst, dreia påska seg mest om å passe på dei gamle grandtantene våre i Nordfjord. At dei fekk gå til gudsteneste i løpet av påska. At dei fekk ete påskelammet på påskeaftan. At dei gamle fekk ei fin påske. Vi gjekk sjølvsagt også på ski. Og eg hugsar at presten hadde utegudsteneste på stølen på skjærtorsdag, kor vi baska oss av gårde for å få med oss denne opplevinga. Eg kjem aldri til å gløyme kyrkjeklokkene som kima over stølen og presten som hadde prestekjolen på til fjells! Der sat vi i snøen og lytta til påskehistoria, medan vi åt appelsiner med grovkorna påskesnø på og ei stripe av kvikklunsjen som vi delte broderleg og søsterleg frå sekken til pappa.
Pappa var alltid så stødig på ski – og ikkje minst sterk som bar den tunge sekken med mat til familien på fem opp bakke etter bakke. Derfor var det med stort vemod eg ei påske etter at eg hadde flytta heimanfrå, oppdaga at den sterke pappaen min var byrja å bli gamal. Eg kjem aldri til å gløyme skituren vi hadde saman innover i fjellet. Pappa føre og eg etter, slik det alltid hadde vore. Men så merka eg meg at pappa trong pausar lenge før eg sjølv hadde tenkt tanken. Han måtte støtte seg på skistavane og hekte av seg sekken ved fleire høve. Eg hugsar han sa at slik er det å kome opp i åra.

«Eg hadde angst for at livet mitt var over for tre år sidan»
Sjølv om vi såg ein diger reinsflokk frå rastesteinen vår på den turen, er det ikkje det eg hugsar best. Men det at pappa ikkje hadde like mykje kraft i seg som før. Det var mi fyrste påminning om at livet går sin gang, og at eg brått var i ferd med å bli sterkare enn pappa. Ein heilt utenkeleg tanke for meg den gongen.
Men etter den påska har livet vist seg å gå raskare og raskare. Pappa er borte no, og mamma er blitt 85 år. Vi ungane er brått blitt dei sterke som passar på mammaen vår. Det å sjå foreldra sine verte gamle er ei merkeleg oppleving, men også fint (alternativet er sjølvsagt mykje verre). Vi må ikkje gløyme at vi er heldige som har moglegheita til å ta vare på våre gamle foreldre. Hugs at mange eldre vert svært einsame i den stille veka. Kanskje du i år skal ta ein tur innom ei gamal, einsam tante eller ein onkel? Det har har dei fortent.
God påske!
Oppdag mer mote, livsstil og historier fra virkeligheten på KK.no

«Eg sprekk som ei kokt pølse og gafflar innpå bollar»
