PORNOGRAFI: KK-spaltist Fredrik Steen filosoferer over kva breibandet har gjort med pornovanane våre. FOTO: Astrid Waller
PORNOGRAFI: KK-spaltist Fredrik Steen filosoferer over kva breibandet har gjort med pornovanane våre. FOTO: Astrid Waller Vis mer

Pornografi:

- Før internett var det mange som såg levande porno av ekte folk gjennom nøkkelhol eller sprekkar i veggar

No derimot, er ein avhengig av eit stabilt og godt breiband for å få same opplevelsen, meiner KK-spaltist Fredrik Steen.

Pornografi er bilete, teikningar eller film av ulike folk som har seg. Slike bileter eller filmar får mange til å bli så opphissa at dei ser seg pent nøydde til å tafse på seg sjølve. Dei fleste som kjem i tenåra og oppdagar alle dei artige tinga puberteten fører med seg, synest det er spanande at kroppen no får nye funksjonar og former. I denne perioden tek gjerne dei unge tafsinga til nye høgder og mange av dei oppdagar det vi kallar ”pornografi”.

Nokre er så heldige at dei finn seg ein kjærast dei kan tafse på, men dei aller fleste sit åleine på roma sine og sjølvtafsar til pornografi når alle andre i huset har gått og lagt seg. Størstedelen av desse skrur av taklyset, men dei får som regel eit lite blått lys i andletet frå PC-en som dei har i fanget. Det blå lyset fungerer fint til heilt enkel orientering på tastaturet, men kan på ingen måte seiast å vere eit godt arbeidslys. Sjølvtafsing er gjerne ei privat greie, og til trass for at alle har gjort det éin eller fleire gonger i løpet av livet er det få som diskuterer samfunnsnytta av det i plenum.

LES OGSÅ: - Å kome på døra utan avtale er nesten like frekt som å spionere på folk som dusjar.

Mindre høy = meir nettporno?

For at tafsinga skal oppretthalde same kvalitet og spenning er det altså mange som er avhengige av eit stabilt og raskt breiband. Breibandet fører med seg slike pornografiske filmar av folk som har seg, og desse kjem i både ulik lengde og kvalitet. Fleire av filmane varar både i tjue, tretti og førti minutt, men folk flest vil berre sjå slutten av filmane, trass i at samtlege filmar sluttar på nøyaktig same måten. Slikt sett er det mange som går glipp av sjølve handlinga i forkant, og enkelte hevdar at dette er kjipt gjort ovanfor skodespelarane som har lagt ned mykje arbeid i både replikkøving, innleving/dramaturgi og fine kostymer. Ein må heller ikkje gløyme det tekniske apparatet rundt; lydteknikarar, fotografar, lyssetjing og catering.

I gamle dagar, før internett, var det mange som nytta høvet til å sjå på levande porno av ekte folk gjennom nøkkelhol eller sprekkar i veggar og tak. Ein kunne også gøyme seg i eit hjørne på høyloftet av låven, under ein liten høyball til dømes - og setje seg til å vente. Som regel gjekk det berre ein halvtime eller to før det kom eit par som ville tafse på kvarandre i høyet. Av og til kjende ein igjen stemmene til dei som hadde seg i høyet, og av og til ikkje. Nokre gonger kjende ein ekstra godt éi av stemmene, men hadde ikkje aning om kven den andre stemma tilhøyrde.

I dag er det nesten ingen som tørkar høy på høyloftet lenger, og den som vil spionere på levande pornografi har dermed ingen stad å gøyme seg. Forskarar på NTNU i Trondheim jobbar no med eit forskningsprosjekt med utgangspunkt i hypotesen ”mindre høy = meir nettporno”. Neidå.

LES OGSÅ: Jeg brukte stor deler av barndommen på å være redd for Arne Treholt.

Mange menn får forlenga puberteten urovekkande lenge

Interessa for å sjå på andre menneske som har seksuelt samkvem tilhøyrer frå naturen si side puperteten og tenåra, og er eitt av dei få undervisningsopplegga her til lands som fungerer sånn høveleg bra, trass i at dei verken har oppnemnde kursleiarar, læreplan eller anna byråkratisk styring.

Opplegget ser ut til å vere ein heilt ok treningsleir for unge kroppar og sinn i utvikling, slik at desse får ein viss idé om korleis ein skal lage barn i framtida. Det er òg fullt mogleg for dei foreldra som har tenåringar i hus å prate med desse om korleis ein best kan ha kroppsleg samkvem med ein framtidig kjærast, men dei vaksne har så mykje tidsklemme innabords at denne praten ofte vert nedprioritert.

Mange vaksne menn tenker òg innimellom at dei kanskje burde ta ein prat med tenåringane sine om skadeverknadane ved å sjå for mykje på pornografiske filmar, men finn dette litt kinkig sidan dei sjølve ofte sit åleine i mørke, små rom på kveldane med berre eit lite blått lys å orientere seg etter. På denne måten er det mange menn som får forlenga puberteten urovekkande lenge, og ender opp med å tenke og handle som ein impulsiv og utstyrleg tenåring, sjølv etter at dei har passert både 30, 40 og 50 år. Etterkvart kan denne åtferda gå over i både bitterheit og vidløftige medikamentar.

Snakk med kvinna om alt mogeleg

Mange meiner at pornografi objektiviserer kvinna, og er med på å skape eit kvinnesyn som reduserer kvinna til eit vesen som berre er til for å tilfredsstille mannen. Dette har dei sannsynnlegvis heilt rett i, men ein må likevel ta eit steg tilbake for å finne den eigentlege årsaka til dette kvinnesynet: Svært mange menn veit nemleg ikkje kva dei skal bruke ei kvinne til dersom dei ikkje kan ligge med henne.

Dette fører til frustrasjon i mange ekteskap, og undersøkingar viser at mannen ofte kosar og stryk på kona si for å få sex, medan kvinna ofte vil ha kos og tryggleik berre kosen og tryggleika si skuld. Mannen har nemleg sterke gener som vil formeire seg 24 timar i døgnet, men sidan samfunnet forlengst har slutta å undervise i sjølvkontroll, veit ikkje mannen lenger at det fullt mogleg å temje desse kreftene, og heller bruke dei på ein fin hobby eller noko anna kreativt eller samfunnsnyttig.

Oppmodinga til alle menn som er gifte med kvinner, eller som møter på kvinner i kvardagen må difor bli: Snakk med kvinna om alt mogleg - ja, dei kan både diskutere og filosofere. Har du ei kvinne du er gift med - eller ein kjærast, kanskje? Gje henne ein god klem kvar morgon og kveld, berre for klemmen si skuld. Og slutt og omgje deg med eit lite blått lys i små mørke rom på kveldane, men få deg heller ein hobby eller begynn å skrive dikt. Om du er standhaftig nok, vil du etterkvart oppdage at du ikkje lenger tenker og handlar som ein impulsiv tenåring. Lukke til!

LES OGSÅ: - Det er berre ein ting som er meir plagsomt i varmen enn flugene; fulle folk.

Sjekk KKs kjærlighetshoroskop

Saker spesielt utvalgt for deg: