Eli Kari Gjengedal:

- For mange år sidan gjekk eg til ei synsk dame som lærte meg ein teknikk

No skal eg gje deg denne øvelsen (heilt gratis) som kan gjere ein tung og grå vinterdag lysare og lettare.

FOTO: Astrid Waller
FOTO: Astrid Waller Vis mer
Publisert

Så er nyttåret her igjen. Det året vi kjem til å bli eit år eldre. Det året som kjem til å by på nye opplevingar og moglegheiter. Oppturar og ­nedturar. Året ligg som eit blendande kvitt og reint ark framfor oss. Dette vert spanande, det er ­berre å begynne å skrive så blekket sprutar, for å fylle opp 2022-arket først som sist.

Eg har tradisjonen tru ikkje anna nyttårsforsett enn å prøve å være snillare og rausare enn i fjor. Eg har alltid eit mål om å være snill og tilgivande. Men søren døtte, det er ikkje alltid like lett å vende det andre kinnet til som det står i Bibelen. Men når ein fyrst greier det, så gjev det ein så fanta­stisk fin følelse. Ein lettelse og glede over å vere raus. Legge tunge tankar bak seg. Riste av seg misunning. Bite i seg ein stygg kommentar. Medan eg sit her og skriv, jobbar eg ­faktum på spreng med saka. Berre høyr: Det sit ei dame her, rett ved sidan av meg, og preikar høgt i headsettet sitt. Eg har berre lyst til å be henne ryke og reise. Kva er det med folk som køyrer Teams-møter rett i fleisen på ­andre som treng arbeidsro? Eg roar meg kraftig ned og tenkjer på nyttårsforsettet mitt. Vær snill og raus no. Ho har berre ikkje tenkt seg om. Kjenn på ­følelsen med alt du har! Phuuu … Raseriet gjekk over før eg kortslutta. Takk og lov! Nyttårsforsettet heldt så vidt. Det hang i ein syltynn tråd her ein augeblink. Men eg stod han av.

Dette er rein magi

Det er ikkje kjekt å være den sure kjerringa som kjeftar vilt rundt seg. Den som eg nesten heldt på å blåse liv i her i skrivande stund. Då er det mykje kjekkare å spre god energi og glede rundt seg. DET er målet for 2022. Være noko positivt for andre. Ofte dei dagane når eg ikkje har den energien i meg, ­prøver eg å mane den fram.

For mange år sidan gjekk eg til ei synsk dame som lærte meg ein teknikk. Eg heldt på å seie at eg fekk den gratis, men det var ikkje heilt ­korrekt … Når eg tenkjer meg om, ­betalte eg nokre kroner for den sam­talen. Men som den rause dama eg prøver å være, skal eg gje deg denne øvelsen her og no heilt gratis!

Sjå for deg at du har ein blå, liten flamme inni deg. La den flammen ­vekse seg stor og varm og fylle heile kroppen. Når du kjenner deg heilt fylt opp i kvar einaste krik og krok av deg, skal du sende den tenkte flammen ut i rommet (nett som Askeladden og hans gode hjelpere i eventyret. Han som hadde 7 somrar og 15 vintrar inni seg. Hey du! Velg sommaren med fuglekvitter og glede.) Lyset i flammen du sender ut, er din gode og positive energi. Når den fyller rommet, vil du kjenne deg så mykje betre. Denne øvelsen kan gjere ein tung og grå januar­dag lysare og lettare, skal eg seie dykk. Berre prøv! Folk rundt deg vil fornemme den gode energien din. Alle dører opnar seg, og du svever litt over bakken.

Dette er rein magi. Det er terapi og meditasjon på ein og same tid. Bruk den indre flammen din til å gje deg sjølv og andre ein fin dag. Alle har den, ta deg berre tid til å oppdage den flotte ­energien og krafta du har inni deg. Mitt nyttårsønske til deg er: «May the force be with you.»

Oppdag mer mote, livsstil og historier fra virkeligheten på KK.no

Følg på Instagram Abonner på KK magasinet

Vi bryr oss om ditt personvern

KK er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer