FOTBALL-VM: Neymar da Silva Santos Junior har lengst liggetid i VM. Rulling er ein del av denne liggetida. FOTO: NTB Scanpix
FOTBALL-VM: Neymar da Silva Santos Junior har lengst liggetid i VM. Rulling er ein del av denne liggetida. FOTO: NTB ScanpixVis mer

Fredrik Steen:

Fotball VM: Det viktigaste er ikkje å vinne, men å rulle

Rulling i fotball er nært beslekta med det mannlege og kraftige forkjølingsviruset manflu, meiner kommentator Fredrik Steen.

Fotball er eit artig spel. Du kan få mange nye vener på fotballbanen, og dersom du spelar det ofte nok, kjem du i nokså god form. I tillegg kan du lære deg å utvikle skodespelartalentet ditt.

Fotball er populært - ja, eg vil nesten påstå at det er meir moderne enn nokon gong. Lat oss kjapt gå gjennom reglane: Det er alltid to lag i ein fotballkamp, og kvart lag består av elleve spelarar som har som hovudoppgåve å sparke ein nokså hard, men spretten lærball framover og inn i ein stor metallfirkant i motsett ende av bana. Denne metallfirkanten heiter ”mål”, og kvart lag har ei målvakt som skal hindre det andre laget sine forsøk på å sparke ballen inn i sitt eige mål.

Målvakta har lov til å ta ballen med hendene, og han har i tillegg på seg fine og tjukke hanskar. Utespelarane har som regel ikkje hanskar, men om dei tjener meir enn 100 millionar kroner i året, signaliserer dei dette til omgjevnadane med flotte tatoveringar frå overarmane og heilt fram til handledda.

LES OGSÅ: - Jeg har arr fra den kvelden i 1998

Rulling og manflu

SPALTIST: Fredrik Steen har sett på fotball og merka seg eit par ting... FOTO: Astrid Waller.
SPALTIST: Fredrik Steen har sett på fotball og merka seg eit par ting... FOTO: Astrid Waller. Vis mer

Det finst både damefotball og herrefotball. I herrefotballen går det som regel ein god del kjappare; mennene spring fortare, dei hoppar høgare og mannfolka som skyt ballen hardt med foten, skyt som regel ein god del hardare enn damene. Likevel viser både erfaring og tungt videomateriale at mannfolka toler langt mindre enn damene når dei spelar fotball. Der damene som regel sprett kjapt opp igjen etter at dei har ramla eller blitt trakka på, tilkjennegir mannfolka smerte ved å rulle heftig rundt på bana. Dei som får skikkeleg vondt kan rulle rundt både sju og åtte gonger før dei stoppar opp. Rulling i fotball er forøvrig nært beslekta med det mannlege og kraftige forkjølingsviruset manflu.

Ofte skal det berre eit lite sveip mot ei skulder eller ein hals til, før den mannlege fotballspelaren kastar seg ned på grasmatta og tek til å rulle rundt i smerte. Enkelte er superdyktige til å vise at dei har fått skikkeleg vondt, og dette vert kalla filming. Mange fotballspelarar går nemleg rundt med ein hemmeleg draum om å få vere med i ein spanande TV-serie etter at dei har lagt fotballskorne på hylla.

Det er imidlertid så mange fotballspelarar som rullar i smerte for tida, at det internasjonale fotballforbundet har diskutert om dei skal begynne å spele fotball med vant, som dei bruker i hockey - for å hindre at spelarane rullar seg heilt bort og ikkje finn vegen tilbake stadion.

Av og til oppstår det kranglar om reglane i fotball, og det er her dommaren kjem inn. Dommaren er sjefen i fotballkampen, og når han blæs i fløyta si stoppar alle opp for å høyre kva han har å seie. Når dommaren har sagt sitt - til dømes at ein spelar på eitt lag har vore for brutal mot ein spelar på det andre laget – kan han døme noko som heiter frispark eller straffespark.

Det går ikkje an å få dommaren til å endre ei dommaravgjerdsle, men spelarane som er skikkeleg usamde, skal etter reglane alltid protestere vilt og uhemma likevel, og viser protestviljen sin med å fekte med armane og brøle heilt oppi nasen til dommaren.

Gult kort for dårleg ande

Dersom ein protesterande spelar har for dårleg ande, kan dommaren trekke fram eit gult kort frå brystlomma si for å signalisere at han må bli flinkare til å pusse tennene sine. I skikkeleg grove tilfelle, som til dømes at ein spelar roper ”Ut med med dommaren – inn med kua!” kan dommaren trekke fram eit raudt kort frå brystlomma, og då må spelaren roe seg kraftig ned og forlate bana. Det er førebels ingen fotballspelarar som har rulla i protest mot eit raudt kort, men folk som har peiling på fotball meiner dette berre er eit spørsmål om tid og skodespelartalent.

UT MED DOMMAREN: Det går ikkje an å få dommaren til å endre ei dommaravgjerdsle, men spelarane som er skikkeleg usamde, skal etter reglane alltid protestere vilt og uhemma likevel, skriv Fredrik Steen. Poenget er her illustrert av ein opphissa Ronaldo. FOTO: NTB Scanpix
UT MED DOMMAREN: Det går ikkje an å få dommaren til å endre ei dommaravgjerdsle, men spelarane som er skikkeleg usamde, skal etter reglane alltid protestere vilt og uhemma likevel, skriv Fredrik Steen. Poenget er her illustrert av ein opphissa Ronaldo. FOTO: NTB Scanpix Vis mer

Så til apparatet rundt: Dei som er skikkeleg gode til å spele fotball har mange skodelystne, og jobben til desse er å heie fram det laget dei meiner fortener å vinne. Dei argaste til å heie i kor vert ofte kalla supporterar, og er som er regel over snittet glade i pølser og øl. I enkelte nasjonar er supporterane av den illsinte sorten, og liker å banke opp supporterar til andre lag – både før og etter kamp. Dette gir dei mykje god energi til å kunne heie ekstra mykje på favorittlaget sitt.

Presse og media er òg ein viktig faktor i fotballen. Hovudoppgåva til pressa er å hylle det vinnande laget, i tillegg til å fortelje verda at det laget som tapte vart skikkeleg audmjuka. Som regel er det nok å tape ein kamp med berre eitt mål i målskilnad før audmjukinga er eit hardtslåande faktum.

Så må vi sjølvsagt ikkje gløyme fotballekspertane. Dei er så gode til å lese laga, at dei eigentleg ikkje treng å sjå kampen for å vite kva resultatet blir. Dei kan lese formkurva til eit lag på bukselinningen til parkeringsvaktene utanfor stadion, i nyset til dama i pølsekiosken på stadion. Likevel tek dei feil innimellom, men slepp unna med å seie: Jammen, det er dette som er så spanande med fotball – det kan slå alle vegar!

Så kva ventar du på? Skaff deg ein slik lærball og ei grasmatte å spele fotball på! Ring på døra til naboane og stell i stand ein skikkeleg fotballkamp – få med deg eit apparat rundt og la det stå til! Og hugs: Det viktigaste er ikkje å vinne – men å rulle!

LES OGSÅ: 10 ting han kan gjøre mens du ser på fotball-VM.

Sjekk KKs kjærlighetshoroskop

Saker spesielt utvalgt for deg: