Skal eg være heilt ærleg, så har eg ikkje svimlande mange venninner å skilte med. Eg tenkjer ofte at heldige er dei som har massevis av gode venninner. Og ikkje minst er eg imponert over at ein klarer å halde saman.
Nokre er enormt sosiale og er heilt sjukt flinke til å halde kontakt. Det er nok også oppskrifta på å klare å halde saman ein stor gjeng over lengre tid.
I oppveksten min hadde eg to gode venninner. Det er klart eg hadde klassekameratar og andre kjende, men det blir liksom ikkje det same som ei god venninne ein deler alt med. På gymnaset fekk eg ei ny som eg framleis har i livet mitt. Då eg studerte, fekk eg også ei god og nær venninne. Når eg summerer dette fram til eg vart vaksen og fekk meg jobb, så har eg altså fire gode venninner som kjenner meg og min historie i blinde.

Slik får du flere venner: - Mange misforstår hva som er viktigst
Bortsett frå dei to barndomsvenninnene mine kjenner ikkje dei andre kvarandre så godt. Eg er jo blitt kjend med dei frå ulike stader i livet mitt. Dermed kan eg ikkje definere dei som ein venninnegjeng, synest eg.
Eg er så uendeleg glad i dei eg har, sjølv om det ikkje er ein svær flokk. Det er ikkje alltid det kjem an på kor mange vener ein har, men meir kor gode vener det er.
Følte meg litt utanfor
Eg hugsar så godt då eg starta på ingeniørhøgskulen i Bergen, eg kjende null og niks. Slik dei andre i klassen heller ikkje gjorde. Det var ikkje så mange jenter på mi linje, så sånn sett var det ikkje så mange om beinet akkurat. Eg sat litt på sida i friminutta og såg korleis dei andre jentene i klassen prata seg imellom. Eg veit ikkje heilt kva det var som gjorde det, men eg følte meg litt utanfor, og dermed vart eg også kjempeusikker.

- Eg vart dumpa av venninna mi
Så var det ein dag heile hurven stakk til byen for å handle bøker og gå på kafé saman, medan eg sat igjen med kjemilæraren i gangen. Det var då eg bestemte meg, eg må berre bli bestevenn med ho som såg artigast ut. Dagen etter trekte eg pusten så langt ned i magen eg berre kunne. Eg gjekk for det, eg tok kontakt under lunsjen. Vi vart fort gode vener, og resten av studietida hang vi saman som erteris. Eg måtte altså gjere ein innsats for min eigen trivsel. Venner kjem ikkje av seg sjølv, lærte eg den gongen.
Visar eit stort hjarte
I vaksenlivet mitt har eg fått fleire gode venninner som eg set svært stor pris på. Desse venninnene er utruleg rause og har tatt meg inn i deira venninneflokkar. Noko som rører meg veldig. Det å dele venninnene sine på den måten viser at ein har eit stort hjarte.
Det med venner er ikkje alltid så enkelt, skal eg seie dykk. Men ikkje sit og tenk at ein ikkje er god nok om ein ikkje har 20 venninner å invitere på bursdagen sin.
Veit du, det held i massevis om ein har ein god ven. Men det kan hende du må jobbe for det. Eg hadde ei fantastisk studietid med den eine venninna mi. Eg følte vi rula over alle venninneflokkar under heile 1990-talet sjølv om vi «berre» var to.