Ikkje noko er betre enn sol på værkartet, og no, folkens, no går vi inn i den varme og solrike tida. Vi elskar solrikt vær og lyseblå høgtrykkshimmel for mangt og mykje. «The summer feeling» er heilt klart ein av dei. Sol på kroppen etter ein lang og mørk vinter, kva kan vel måle seg med det?
Eg har mange minne av sommardagar frå oppveksten (trass i at eg er oppvaksen på Vestlandet). Den gongen vi såkalla «bruna oss» på 1980-talet. Den gongen vi ikkje var heilt til å stole på når det gjaldt solfaktor i solkremane våre. Ein skikkeleg skrekktur var ein gong veninna mi og eg fekk låne båten til faren hennar. Vi fyrte opp båten og rigga oss til i sola på dekket medan vi låg og duppa i Sognefjorden. Og du veit, sol frå himmelen og refleksjonsstrålane frå sjøen er nærmast dobbel dose sol. Den gongen var ikkje ozonlaget særleg tjukt heller, slik eg minnast det.
Vi smurte oss inn med den gode, gamle Spenolen. Med den fine brisen ute på sjøen kjende vi ikkje at sola steikte ubarmhjertig på fjortiskroppen vår. Hadde vi kjent etter, ville det sikkert lukta svidd.
Les artikkelen gratis
Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
KK er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger