FOTO: John Andresen
FOTO: John Andresen Vis mer

Fredrik Steen

- Hundeeigarar er ein eigen rase ein skal vakte seg vel for

- Det er mogleg bikkja di ikkje er mannevond, Bibbi - men har du lyst til at eg skal hoppe deg oppi trynet og rundsleike deg neste gong du går tur rundt Sognsvann?

I utgangspunktet er eg ein hundeperson. Hundar er kvikke, dei har humør, dei spring etter ballar og pinnar - og det er aldri tvil om at dei set pris på at du kjem heim kvar dag. I tillegg er dei merksame på andre skapningar, både på to og fire bein.

Det finst sjølvsagt innadvendte og tildels mannevonde variantar, men dei tilhøyrer unntaka. Hundar er trivelege, og får terningkast 6 frå meg. Eg er likevel ingen typisk hundeeigarperson.

Kattar har eg aldri fått has på. Det må vere noko eg utstråler. Eg har ein son som er kattekviskrar - han kan plukke opp eit fresande villkatteskinn frå rennesteinen og gjere det om til ein malande koseklump på eit blunk. Men om eg prøver meg på det same, er det berre flaks dersom eg ikkje får ein lusing i trynet.

Gårsdagens Whiskas

Alle veit at kattar og hundar er på kvar sin planet, og der hundar i det minste anerkjenner eksistensen din, oppfører kattar seg som dei verste oligarkbarn.

Eg sat i hagen min og gjorde eit forsøk på ein meditasjon i kveldssola tidlegare i haust, då eg vart merksam på ei svært kraftig lukt av promp. I zen-modus som eg var, bestemde eg meg for å halde fram med meditasjonen utan å la meg affisere av ein slik verdsleg aktualitet. Men etter eit halvt minutt vart stanken uuthaldeleg, og alle kroppsrefleksar ga beskjed om at augene måtte opp - eg måtte sjå kva dette var.

Då ser eg nabokatten spasere kokett og verdsvant forbi, med ikkje meir enn ein halvmeters avstand. Og den kvikke stanken eg kjende kom frå den vesle haugen den hadde lagt frå seg - under Ibsens ripsbusk rett bak ryggen min.

Ingenting frå kattaslya kunne tolkast som eit «orsak». Ikkje eit pip eller ei skamfull mine over å ha drite i annan manns hage. Eg eksisterte faktisk ikkje for dette kattevesenet, trass i at både gards- og bruksnummer tilhøyrer meg og sambuaren min. Kom igjen, Herr Pus! Du har pressa ut gårsdagens Whiskas på min teig! Kva med å anerkjenne meg som pustande vesen, som bebuar på same planet i det minste? Sorry, Pus, men du får berre terningkast 2 frå meg.

Katteeigarperson

Det er vanskeleg å vite noko om katteeigarar, av den enkle og openbare årsak at dei sjeldan viser seg ute med pusane sine. Men eg veit via kjentfolk at katteeigarar sjeldan lagar styr på vegne av kattane sine, og difor får dei terningkast 5. Difor er eg ein katteeigarperson, paradoksalt nok. For eg er på ingen måte ein katteperson.

Enkelte hundeeigarar, derimot, må filleristast litt - for dei behandlar hundane sine som arbabiske prinsar, og ser det som si livsoppgåve å sørge for at alle andre gjer det same. Som tidlegare nemnt er eg ein hundeperson – eg har hatt hund, opptil fleire – og veit nok om hundehald til å konkludere sterkt med at ein hund i hus akkurat no ville ha sørga for det komplette kaos. Eg er likevel på ingen måte ein hundeeigarperson. Hundeeigarar er ein eigen rase ein skal vakte seg vel for.

Om det var éin ting eg i alle fall hadde styr på då eg sjølv var hundeeigar, var det at hunden min ikkje plaga andre, eller kom oppi trynet på folk utan at dei ba om det eksplisitt. Det er ikkje stas å sitje på utekafé og få ei hundetunge på croissanten. Dette må du tole å høyre, Herr Hundeeigar, utan å gå i skyttargrava.

I tillegg er det påfallande mange hundeeigarar som trur at turgåarar på skogsvegen har lyst til å hoppe strekk mellom dei lange hundebanda. Nei, hundeeigar - det er ikkje mi oppgåve å gå rundt den firbeinte og det sju meter lange hundebandet ditt. Det er ditt ansvar å drage hunden din heilt inntil deg slik at ingen andre går på trynet.

Bandtvang

Så har du dei som gir blaffen i bandtvang året rundt, nettopp fordi deira hund er så sabla grei. Trass i at dei er artige skapningar, set eg så godt som aldri pris på at hundar byksar meg oppi trynet med sølete labbar, medan eigaren – gjerne 50 meter bak - ropar ultrajovialt:

«Han er baaaare snill!»

Det er mogleg bikkja di ikkje er mannevond, Bibbi - men har du lyst til at eg skal hoppe deg oppi trynet og rundsleike deg neste gong du går tur rundt Sognsvann? Det er berre å gje beskjed, så skal eg ri deg litt på låret medan du slurpar i deg kaffien din på Ullevålseter.

Her må det debatt til. I mellomtida får slike hundeeiegarar terningkast 1. Alt i alt gjer dette meg til ein katteeigarperson. Kattar er snåle og utilnærmelege, men katteeigarane lagar sjeldan trøbbel. Ja, dei er nærmast som greie og uproblematiske hundar. Eg kan kanskje bli ein hundeeigarperson med tid og stunder, men då må enkelte hundeeigarar slutte å oppføre seg som kattar.

Sjekk KKs kjærlighetshoroskop

Saker spesielt utvalgt for deg: