Uff a meg! No var det rett før eg heldt på å gi opp heile planen om å skrive spalte i kveld! Eg er «as we speak» heilt svett og utmatta etter ein sjuk kamp for å komme meg inn på pc-en.
Det er jo verre enn sjølvaste Fort Knox å kome seg inn på ulike teknologiske plattformer i denne tida vi lever i. Det verserer så mange passord at eg berre har lyst til å gi bæng i heile IT-verdenen og gå attende til skrivemaskina med rettetast, kladdeblokka og gråblyanten. Eller kontantar og sjekkehefte. Eg blir heilt sprø av alle desse passorda og kodane vi må forhalde oss til for tida.
I dag måtte eg lage meg eit nytt påloggingspassord på datamaskina mi. Etter å ha oversett varslinga om at eg måtte få meg nytt passord i to veker, var det altså dags. Det har vore ei nedtelling ut av ei anna verd kvar gong eg har skrudd på pc-en. Inne i hovudet mitt har eg høyrd stemma til NASA som tel ned til rakettoppskyting på Kennedy Space Center kvar einaste gong eg har slått den på.
Men som den strutsen eg er når det gjeld nymotens teknologi, har eg stukke hovudet i tastaturet og lata som om eg ikkje såg åtvaringa om nytt passord.

- Eg må skjerpa meg
Men i dag, i dag måtte det skje! Det var «point of no return». Nytt passord på trappene, og eg som nett var blitt vand med det forrige. Heile skiten enda opp med at eg brukte 100 000 forsøk (berre ei ørlita overdriving) på ulike passord. Det viste seg å være ein liten bokstav og ikkje ein STOR som var feilen. Eg kom meg inn og sukka i rein lykke. Kjende meg like desperat og letta som ein forvirra turgjengar i ørkenen som kasta seg over ein liten dam med vatn i oasen.
Men det var kun ei luftspegling, folkens! For kva skjedde då eg skulle slå fyrste bokstav? Den forbaska datamaskina var tom for straum og daua like brått som eg fekk den på.
Kan noko kome og redde meg? Ta meg tilbake til 1970-talet, kor eg var lykkeleg uvitande om pc og laptop, gaming og smarttelefon med 150 000 passord og kodar. Då vi berre kunne stikke innom banken med sparebøssene våre og få juice og bollar uansett om det var pengar eller knappar ein hadde klart å presse ned i sparebøssesprekken.
Den gongen ein kunne sende ein liten lapp med beskjed og ikkje forsere Fort Knox med massevis av kodar for å sende ein enkel e-post. No går det søren døtte meg ikkje an å sette inn pengar i banken lenger! Sparebøssa er gått av moten og kan faktisk ikkje brukast. Den har gjort sin misjon, som det heiter.

«Eg hadde angst for at livet mitt var over for tre år sidan»
Av og til samanliknar eg meg med den gode, gamle sparebøssa. Ein har utspelt sin rolle, klarar ikkje å henge med på alt lenger. Det blir for komplisert. Ikkje er eg så interessert heller. Eg har aldri vore så interessert i teknologi på denne måten, om eg skal være heilt ærleg. Eg synes det er kjedeleg. Men det er det kanskje ikkje lov å seie høgt i desse dagar? Faktum er at når eg tar meg saman, så ligg det jo ein mestringsfølelse i det. Eg vil henge med. Vipps er trass alt sjukt enkelt når ein berre hugsar koden.
Sjølv om «IT-mojoen» min er «next to nothing» (prøver meg på fancy engelsk også), så heng eg med på IT-kjøret så godt eg kan. Eg er nett som ei redningsbøye som heng på sida av hurtigbåten som kjøyrer på full speed. Hjææælp!
Oppdag mer mote, livsstil og historier fra virkeligheten på KK.no

- Ikkje la andre få snakke deg ned

«Eg sprekk som ei kokt pølse og gafflar innpå bollar»
