Eg har med stor liding høyrt andre gå i bar(n)et, bokstaveleg talt, medan eg i mitt stille sinn har gratulert meg sjølv for at eg ikkje har gått på same blemma.
Historiane har vore ydmykande og pinlege. Ja, eit slikt augeblikk kor ein kjenner at ein blir varm og kald i kjakane. Stilla etter ein slik kommentar eller spørsmål er øyredøvande og kjennes som mange lange timar før det blir sagt noko.
I ein alder av 52 år klarte eg også til slutt det store og ytterst pinlege kunststykket: å gratulere ei dame med graviditeten – ei dame som viste seg ikkje å være gravid. Med eit stor smil og ein entusiasme av ei anna verd klarte eg altså å seie: «Neimen, så kjekt at du er gravid!» Og dama svarte: «Eg er ikkje gravid. Eg er jo altfor gammal for det.»
Ååå nei og nei, og du store min. Kva gjer ein? I løpet av få sekund er gode råd dyre. Eg sperra opp augo og tenkte kjapt. Gudskjelov poengterte ho at ho var altfor gammal for slikt. Ein knagg eg kunne hekte ein liten reddande kommentar på. Eg svarte: «Oi, seier du det? Men veit du, då skal du ta det som eit stort komplement at eg synest du ser så ung ut at du kan bli gravid.»

«Jeg har dessverre dårlige nyheter», sa damen i telefonen. Alt gikk i svart
Point of no return
Eit lite smil kom fram, men skaden var skjedd. Det er det vi kallar for «point of no return». Eg tenkte at dette må eg berre eige, eg kan ikkje stotre fram noko pinleg eller prøve å fikse på blemma eller bøte på skaden, som dei seier.
Annonsørinnhold
Aller Media
Raser ut av butikkhyllene, og det med god grunn
i samarbeid med Aller MediaOg veit de, dette skjedde midt i eit intervju, så eg hadde også publikum til stades. Ikkje kva som helst slags publikum, heller, ein journalist som skulle skrive eit intervju om meg. Ofte vert situasjonar under intervju gjenfortalt på trykk. Uff og uff … Eg måtte jo berre få avverga skaden med ein gong.
Kan skje den beste
Journalisten så på meg med liding i blikket, og dama framfor meg var i full gang med å prøve å redde meg ørlite grann ut av situasjonen. Eg stotra fram noko om været og ha en fin dag, før eg snudde på hælen og gjekk vidare med journalisten som skuggen min.
Ingen ting vart sagt før eg snudde meg og stille og roleg sa: «Korleis kunne eg av alle plumpe oppi dette? Eg som har klart meg i 52 år!».
Han prøvde å trøste meg, og sa at det kan skje den beste. Han lova å ikkje ta det med i intervjuet. Og sjå på meg, no skriv eg om det sjølv. Kanskje det er ein slags terapi, så eg kjem over det?
Men kva var det som skjedde med impulskontrollen min? Eg hadde fleire fakta om dama som burde gje meg ein peikepinn på at ho var rundt 50 år og ikkje under nokon omstende kunne være gravid. Med mindre ho var eit underverk.
Skuldar på overgangsalderen
Eg skuldar nok ein gong på overgangsalderen, enkelt og greitt. Impulskontrollen vert dårlegare når hormonane svirrar. Det har i alle fall legen min og Google sagt. Men dette var ei pinleg oppleving for meg. Og sikkert ein kommentar som var kjip for ho som fekk den. Noko eg sjølvsagt er svært lei meg for.

Når poden plutseleg får ny karriere som festløve, er det ikkje så greitt for mor
Men livet må gå vidare, eg kan ikkje dvele lenger ved dette. Om du skulle plumpe borti det same eller allereie har gjort det, så seier eg dykk: Prøv å styr tankane dine bort, og gløym det. Det går bra, sjølv om ein av og til har lyst til å grave seg ned.