Eli Kari Gjengedal:

- Ikkje la ­andre få snakke deg ned!

Har de høyrt historia om froskane som ville legge ut på fjelltur?

FOTO: Astrid Waller
FOTO: Astrid Waller Vis mer
Publisert

Det hadde seg slik at det ryktas i sivet rundt froskedammen at froskane hadde tenkt seg på søndagstur til fjells. Frå den våte myra si kunne dei nemleg skimte ein uimotståeleg fjelltopp i det fjerne. Nokon av froskane hadde ein draum om å ta seg opp dit for å sjå på utsikta. Kanskje kunne dei frå fjell­toppen sjå korleis myra deira heime låg i lendet? Etter kvart som praten gjekk, vart froskane ­einige om at dette skulle dei gjere, alle som ein! FOR eit eventyr det ville bli.

Dato for søndagsturen vart sett, og froskane byrja å glede seg. Men etter ei stund fekk dei andre dyra i skogen rundt froskedammen nyss i at froskane ville legge ut på ein hasardiøs tur til fjells. Det var langt og høgt opp til fjelltoppen. Ein byrja å kviskre og tiske om at det ikkje kom til å gå. Froskane kom til å tørke ut på vegen opp. Det var ikkje ein einaste sump i sikte opp mot fjellet. Det ­hadde harane og beveren nemleg fått vite av fuglane som fauk opp og ned frå fjelltoppen nesten kvar einaste dag. Det vart til slutt så ille med åtvaringar at til og med maurtua under furutreet ­bortom dammen byrja å rasle med lenkene. Dei gjekk nærast i tog opp og ned frå maurtua si for å seie at dette var galskap. Det enda til slutt med at froskane la planane sine på is. Dei fekk vente til hausten og sjå om lyngen vart våtare oppe i fjellsida.

Les artikkelen gratis

Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

KK er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer