BLID OG LUR: Det er lov å være blid, også om du ikkje skal selge noko, skriv KK-spaltist Fredrik Steen. FOTO: John Andresen
BLID OG LUR: Det er lov å være blid, også om du ikkje skal selge noko, skriv KK-spaltist Fredrik Steen. FOTO: John AndresenVis mer

KKs spaltist:

Ingenting er meir energitappande enn å skjelle ut folk og vere sur. Dette gløymer vi alle innimellom.

Er vi hyggelege fordi vi vil oppnå noko, eller er vi berre glade inni oss, undrar KK-spaltist, Fredrik Steen.

Det fins heldigvis ein god del personar der ute som veit at det løner seg å oppføre seg fint - vere hyggeleg mot dei ein møter, og alltid prøve å ha eit smil på lur. Dette er ein fin leveregel, og det burde ikkje berre gjelde dei som vil ha deg som kunde.

Sjølv ein brautande tosk kan ha godt av ei venleg behandling som han strengt tatt ikkje fortener, for i det lange løp vil slikt gagne oss alle.

«Du skulle berre vite kor blid og høfleg eg er mot dei eg ikkje toler trynet på», var det ei dame som sa til meg ein gong. Supersmart sjølvsagt, for ingenting er meir energitappande enn å skjelle ut folk og vere sur. Dette gløymer vi alle innimellom.

LES OGSÅ: - Å kome på døra utan avtale er nesten like frekt som å spionere på folk som dusjar.

Nordmenn i trafikken

Om korvidt Ola Nordmann er hyggeleg eller ikkje, handlar for det meste om kvar du møter han. Om du møter han i trafikken, til dømes rett før ei kryss eller ei rundkøyring der alle må flette og vise omsyn, er det relativt stor moglegheit for at du møter Ola Sutremann.

DEI FORLØYSANDE ORDA: Då Fredrik ein gong sto i fare for å bli kraftig utskjelt, parerte han med: Kva er klokka? FOTO: Astrid Waller
DEI FORLØYSANDE ORDA: Då Fredrik ein gong sto i fare for å bli kraftig utskjelt, parerte han med: Kva er klokka? FOTO: Astrid Waller Vis mer

Forskarar har faktisk funne ut at det å vise omsyn i trafikken – bruke fletteregelen, og generelt vere flink til å skape flyt og sleppe folk fram, sørgar for 30 prosent mindre trafikkork. Noko å tenke på når du ikkje har lyst til å sleppe inn nokon framfor deg fordi du ikkje liker synet av bilen deira.

Avvæpnande spørsmål

Ein gong hissa eg på meg ein fyr i eit parkeringshus. Eg køyrde altfor fort, og han la på sprang etter meg – sjølvsagt med rette - for å fortelje meg kvar skapet skulle stå. Han var stor, og han rista, og eg lukta at dette kunne bli stygt.

Eg parkerte eit stykke unna, men han bykste mot meg, og eg måtte legge ein lynkjapp plan. Ein bekjent hadde tilfeldigvis og heldigvis nokre få dagar før leksa meg opp i «omvendt psykologi» som han kalla det, og at det i visse situasjonar kan vere lurt å snu energien med å seie noko heilt uventa.

Dette kom eg på akkurat i tide, for den sinte mannen skulle akkurat til å opne munnen og skjelle meg ut, men i det han trekte pusten kom eg han i forkjøpet og spurte med smørblid stemme:

«Veit du kva klokka er? »

« Den er kvart over to!» svarte han, ganske fortumla.

«Tusen takk! Ha ein fin dag!» sa eg og gjekk vidare.

Lufta var ute av ballongen. Heldigvis. Ein kjeftar berre ikkje på framande som ein nettopp har fortalt kva klokka er.

LES OGSÅ: Er Fortnite farlegare enn Yatzy - det er spørsmålet.

Sur på restaurant

Enkelte har òg ein tendens til å vere sure når dei er på restaurant. Ikkje så ofte, men innimellom ser ein restaurantgjestar som innbiller seg at siden dei betaler for eit måltid, samstundes har kjøpt seg retten til å vere småfrekk eller sur.

Ein gong sat eg på nabobordet til eit par som kom i skade for å få servert litt smålunka kaffi etter desserten. Dei hissa seg opp og vart meir og meir indignerte for kvart minutt som gjekk, og den eine av dei var så skuffa at ho tok det som eit direkte personangrep. Kva hadde ho gjort for å fortene dette, liksom?

Etter nokre minutt med delvis høglytt sutring og mishagsytringar, bestemde dei seg for å seie i frå til servitøren. Det var dama i forholdet som tok ansvar, og i det servitøren kom forbi og spurte om alt var i orden, trekte ho pusten og skalv i underleppa:

«Unnskyld meg! Men dette er for dårleg! Denne kaffien er jo nesten kald!»

Servitøren var kul og trygg som fy, og berre repliserte:

«Åh, beklager! Då skal de få ny kaffi! De fekk nok berre fra ei gammal kanne.»

LES OGSÅ: Tekst-TV har alt du trenger

Vår og hornmusikk

Ny kaffi kom straks på bordet, denne gongen rykande fersk og varm. Problemet var løyst, men paret var framleis indignerte. Skal tru kva som kunne ha gjort bot på skaden? 500 spenn? Ein minikonsert med Kampen Janitsjar? Sjølv blir eg i alle fall i eit knasande godt humør når dei tek den der Og det er vår, og hornmusikken går.

I den andre enden av skalaen finn ein dei ultrahyggelege. Felles for dei ultrahygglege er at dei vil ha pengane dine.

Eg har i årevis vore ufin mot telefonseljarar. Og det beklagar eg. Men i dag er eg hyggeleg og høfleg, men eg er kort. Eg seier: Nei, takk – eg har alt eg treng. Ha ein fin dag! Dette er ofte vanskeleg for telefonseljarane, for dei rekk ikkje ein gong kome med bodskapen sin før eg kuttar dei av. Men eg er blid, det skal eg ha.

Damene på Espresso House er særs hyggelege. Altså – ikkje misforstå – dei er hyggelege, men når ein seier «kos deg» til absolutt alle som har gjort ein transaksjon og fått ei vare, mister det heile litt av gløden. Ein må vere blid fordi ein lyst til å vere det. Det må kome innanifrå, og ikkje som eit direktiv frå styret.

Dalai Lama seier det best: The world needs no religion. Kindness is all.

LES OGSÅ: Han har 501-rumpe, sa jentene på 80-tallet. Alle visste hva det betydde

Delta i konkurranse:

Saker spesielt utvalgt for deg:

Mest populære saker: