Eg føler at dersom ein ikkje deler husarbeidet 50–50 med mannen, så er ein rett og slett ei dårleg kvinnesakskvinne. Ein regelrett pissar på alt det mødrene og bestemødrene våre har kjempa fram for oss gjennom fleire generasjonar.
Ein skal aldri slutte å kjempe for kvinners rettar. Det er ein uskreven regel slik eg ser det. Det seier rett og slett seg sjølv. Eg er oppvaksen med ei mor som var opptatt av at døtrene hennar skulle være sjølvstendige og ikkje gjere seg avhengige av ein mann. «Du skal alltid vite at du klarer deg sjølv, Eli Kari. Du skal aldri bli hjå ein mann om ikkje kjærleiken er der», sa ho.
Det er prenta inn i hovudet mitt gjennom ei årrekke. Eg er sjølvstendig og klarer meg sjølv. Men eg elskar også husarbeid. Ingenting gjev meir ro i sjela enn å sette seg i sofaen i eit gullande reint hus. Ikkje eit støvkorn i sikte. Herleg såpelukt i rommet og masse reine klær som tørkar på stativet. Eg skjønar godt at Synnøve Skarbø ryddar freden inn i sjela si og kan skrive bøker om fenomenet. Det er noko tilfredsstillande ved å gjere husarbeid. For meg er det terapi. Det er klart eg kunne hatt vaskehjelp, men kvifor skal eg det når eg trivst med å gjere det sjølv?
Les artikkelen gratis
Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
KK er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger