Eli Kari Gjengedal:

Kva i all verdas land og rike var det eg fekk i meg?

Det er ikkje berre når eg les eg treng briller ­lenger. Eg beint fram ser ikkje kva eg hiv i meg.

FOTO: Astrid Waller
FOTO: Astrid Waller Vis mer
Publisert

Oi sann! Kva i all verdas land og rike var det eg fekk i meg der? Eg prøver å smake og tygge slik at eg kanskje kan kjenne att kva eg har fått i munnen. Men eg anar ikkje kva det er, det smakar litt salt og er litt sleipt.

Brått går det opp for meg: Det er søren meg reint fett. Ein svær fettklump frå koteletten. Eg kan rett og slett ikkje fordra fett i maten. Det er noko med konsi­stensen og smaken som ikkje tiltalar meg. Ja da, eg veit at det er fett som set smaken på kjøt, men det får da være grenser. Vanlegvis så skjer eg eller pillar fettet ut av alle kjøtstykker. Men i dag har eg oversett noko. Eller rettare sagt: ikkje sett noko i det heile?

I den seinare tida er synet mitt blitt så dårleg at eg helst bør bruke «Nillebrillene» mine også når eg et mat. Det er ikkje berre når eg les eg treng briller ­lenger. Eg beint fram ser ikkje kva eg hiv i meg. Eg har store problem med å skilje maten på tallerken. Når eg ikkje har briller på, så vert det lett at eg hiv i munnen flesk og fett og anna rask.

Eg har sete med både potetskrell og anna bøss mellom tennene. Eg har teke feil av lompe og serviettar også. Prestert å ete halve pølsa før eg kjenner at det er serviett og ikkje potetlompe eg har tvinna rundt pølsa og spruta godt med ketsjup over. Eg kan seie dykk at ein seig serviett må tyggast med enorm vilje for å få ned i ­magen. Eg vart sjokkert da eg skjøna at den i overkant seige lompa viste seg å være ein god, gamaldags hudfarga serviett.

Les artikkelen gratis

Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

KK er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer