MØT KKS NYE SPALTIST: Han heiter Fredrik Steen, er komikar, sambuar, firebarnsfar og sunnmøring. Han slo gjennom på scena som Hildegunn Moltubakk. FOTO: Astrid Waller
MØT KKS NYE SPALTIST: Han heiter Fredrik Steen, er komikar, sambuar, firebarnsfar og sunnmøring. Han slo gjennom på scena som Hildegunn Moltubakk. FOTO: Astrid WallerVis mer

Ny spaltist i KK:

Kven er du, Fredrik Steen?

Møt KKs nye spaltist. Ein skalla firebarnsfar med fortid som kvinne.

- Du slo gjennom som sunnmørskvinna Hildegunn Moltubakk på slutten av 90-tallet. Kor mykje kompetanse har det gitt deg på oss kvinner?

- Å karikere ei kvinne så grundig som eg har gjort, har heilt klart gitt meg ein del kompetanse, først og fremst i å legge merke til og avdekke små detaljar og fakter. Om eg forstår kvinner betre i dag enn i tida før Hildegunn? Ehh, neppe...

- Korleis fann du tilbake til mannen i deg?

- Det tok faktisk litt tid. Eg hadde så mange framsyningar med Hildegunn bak meg, at røyrslene og dei feminine faktene sat lenge i. Eg måtte gjennom ei grundig maskulinisering, og etter nokre månader med roping, bålbrenning og pushups kom mannen i meg sakte men sikkert tilbake.

- Du har fire barn med tre ulike damer – er du ein rundbrennar?

- I så fall er eg ein kronologisk serierundbrennar, haha! Eg har gått inn i alle mine forhold med liv og lyst og heile meg. Men det tek tid å bli kjent meg både seg sjølv og andre, og ein lærer heile vegen. Eg vil heller kalle meg ein moderne mann.

- Korleis er du som far?

- Som far er eg morosam, leiken og ganske tålmodig, og det skal ein del til før eg blir sint. Eg liker å snakke med barna mine, filosofere og kosar meg stort når dei lurer på alt mellom himmel og jord. Først og fremst prøver eg å vere ærleg, og eg vil at barna mine skal ha lav terskel for å spørje om kva det måtte vere.

LES OGSÅ: Kjetil Østli om kvifor han burde fått barn som ung.

FORTID SOM KVINNE: Hildegunn Moltubakk med svogeren Leif Per, bygdas kjekkeste ungkar. FOTO: Synnøve Sorthe
FORTID SOM KVINNE: Hildegunn Moltubakk med svogeren Leif Per, bygdas kjekkeste ungkar. FOTO: Synnøve Sorthe Vis mer

Bittelitt flink til mykje

- Korleis er kvardagen med fire barn? Har du logistikkmøte kvar kveld?

- Det blir ein del transportscener, ja. Logistikkontrollen går ut på at eg seier alle datoar og avtalar om henting og anna høgt ut til sambuaren min, og så får ho det inn i kalendaren. Ho er ein systematikar, heldigvis - for det er ikkje eg. Bortsett frå det er eg innstilt på at kvardagen handlar for det meste om barna. Då gjeld det berre å ha det gøy!

- Søv du noko?

- Ja, eg søv godt. I tillegg er eg i Norgestoppen i powernaps. Alt eg treng er eit relativt mjukt underlag og ei pute. Etter ti minutt er eg superlada og kan gje full gass igjen.

- Du er sunnmøring – korleis pregar det deg?

- Først og fremst at eg har ein dialekt som gjer at austlendingar seier: «Åhh? Du snakker dialekt!» Begge foreldra mine var innflyttarar til sunnmøre, så eg veit ikkje kor mykje av sunnmøringen som sit i DNAet mitt, men eg liker å tru at det uformelle og leikne i meg er frå sunnmøringen. I tillegg er eg ikkje redd for å ta i eit tak. Hadde eg levd for 100 år sidan, ville eg garantert hogd mykje ved og flytta på tonnevis med staur.

- Du har mange yrkestitlar – er du talentfull på mange områder, eller har du berre vanskeleg for å bestemme deg?

- Dette er noko eg jobbar hardt med. Eg er ein sånn fyr som er bittelitt flink til mykje. Målet er å bli flinkare til færre ting. Samstundes er det slik at det eine prosjektet kan gi gje idear til det andre. Eg liker å ha mange ballar i lufta. Nokre av dei landar, medan andre blir berre svevande for alltid.

LES OGSÅ: KK-redaktøren: Pappa, en hverdagshelt.

-Kva kan vi vente frå deg i spalta vår?

- Eg trur og håper lesarane kan vente seg ein fyr som snakkar relativt rett frå levra. I tillegg liker eg å stille store spørsmål. Vi treng alle å løfte blikket innimellom og sjå ting i større perspektiv, og dette håper eg å få til i spalta. Elles er det ikkje dumt om eg kan få folk til å le litt av dykk kvinner. Eg skal i alle fall gjere gjere mitt beste.

- Siste bok du leste og siste film du såg?

- Siste bok var «Hvitt hav» av Roy Jacobsen. Siste film var den norske "Kyss meg, for faen i helvete"

- Du har sjølv gitt ut bok om å være skalla – kvifor denne tematikken?

- Det er mange menn der ute som treng hjelp til å kome over på den andre sida, altså til eit liv der ein må stå for skallen sin og bli trygg på at sjølvtilliten sit ein heilt annan stad enn i hårsveisen. Tida i fornektingsfasen kan vere hard. Med humor og mykje artig hårfakta ville medforfattar Jonas Rønning og eg slå eit slag for eit godt liv utan hår.

FEMINIST, SÅ KLART: Fredrik Steen trur ikkje det finst nokon varselsaker på han etter metoo. FOTO: Astrid Waller
FEMINIST, SÅ KLART: Fredrik Steen trur ikkje det finst nokon varselsaker på han etter metoo. FOTO: Astrid Waller Vis mer

Flytta til bygda - og tilbake

- Du flytta frå byen til ei fråflyttingsbygd på sunnmøre – kva lærte du av det?

- Først og fremst lærte eg at dersom ein bygger eit hus med flatt tak og har vindauger utan gardiner, kjem der mange journalistar og vil lage reportasjer i glansa papir. Elles lærte eg at livet på bygda har fleire og bedre lukter enn i byen, og at det er svært hyggeleg med naboar som kjem innom på kaffi.

- Kor mange interiørreportasjar var du med i då du hadde bygd funkishuset på Flø?

- Eg trur eg sa stopp etter fjerde eller femte reportasjen. Då hadde eg ikkje fleire Eva Solo-vasar eller råbetong å vise fram.

- Så flytta du tilbake – kvifor?

- I min bransje er dei fleste jobbane i Oslo-området. Det vart for mykje reising, rett og slett.

- Kva saknar du mest?

- Eg er ikkje så veldig melankolsk av meg, men inne i hjartet mitt har eg ein stor plass til havet, stranda og fjella på Flø - og ikkje minst til svært hyggelege naboar og vener. På bygda er ein flinkare til å kome på døra til kvarandre utan å sende sms først. Det skulle eg ønske vi kunne gjere litt meir av i storbyen.

- Du er feminist – kva utslag har det i praksis?

- Vi lever i ei tid der vi innbiller oss at likestilling handlar om at kvinna må få kome inn på mannen sin arena. Eg meiner dette er heilt misforstått. Vi må snu feminisme til å handle om eit brennande behov for meir mildheit, omsorg, meir av mjuke verdiar. I nær framtid - og med mi hjelp - skal feminisme handle om feminisering og oppmjukning av menn, og ikkje maskulinisering av kvinner.

- Finst det varselsaker på deg etter metoo?

- I så fall må det vere av typen: "Du var altfor snill og grei, Fredrik. Vi kunne aldri bli noko anna enn gode vener!"

- Kven var idolet ditt i 1985 og kven er det i dag?

- I 1985 var det popgruppa Level 42. I dag er det barna mine og sambuaren min, Heidi.

LES OGSÅ: «Da jeg hørte hva årets russejenter fikk slengt etter seg, fikk jeg ikke bare sjokk, jeg ble forbanna»

Sjekk KKs kjærlighetshoroskop

Saker spesielt utvalgt for deg: