HYGIENE: - Kvinner! Svært mange av mennene dykkar vaskar seg ikkje alltid på hendene når dei har vore på do. FOTO Astrid Waller
HYGIENE: - Kvinner! Svært mange av mennene dykkar vaskar seg ikkje alltid på hendene når dei har vore på do. FOTO Astrid Waller
Hygiene:

Kven vaskar seg, og kven vaskar seg ikkje når dei har vore på do?

Snakk med mannen din om heilt vanleg hygiene, oppmodar KK-spaltist, Fredrik Steen.

Kjære kvinner. Dette er ei melding til dykk alle, men spesielt til dei av dykk som er gift med eller bur saman med ein slik skapning som har for vane å kalle seg for «mann». Det er ikkje lett for meg å seie dette, og eg veit det kjem til å bli mange oppvaskmøter og heftige oppgjer rundt omkring i dei tusen heimar etter dette. Men eg kan altså ikkje gå rundt grauten lenger. Det handlar nemleg om bakteriar, og det handlar om vanleg hygiene. Greitt, her kjem det: Kvinner! Svært mange av mennene dykkar vaskar seg ikkje alltid på hendene når dei har vore på do.

No når katta er ute av sekken, spør du sikkert korleis eg kan vite dette. Har eg montert spionkamera rundt omkring og opererer i utakt med Datatilsynet, eller har eg berre gode kontaktar i Statistisk sentralbyrå? Ingen av delane, faktisk. Forskninga mi er basert på eigne og årelange erfaringar og observasjonar etter besøk på offentlege toalett – frå nord til sør.

Dorømming

I kraft av jobben min som komikar og skodespelar vert det nemleg ein del reising, mest med fly – men òg med tog, buss og ferge. Sidan det ikkje er så mykje spanande å ta seg til når ein står i dokø, bruker eg ofte ventetida til banebrytande forskning: Kven vaskar seg, og kven vaskar seg ikkje når dei har gjort bimmelim eller bommelom?

For påfallande ofte strenar mannen rett ut frå båsen og direkte ut hovuddøra utan å ta seg tid til ein liten handvask. Ja, så ofte skjer det at eg har gitt fenomenet eit eige namn: dorømming. Dorømming slår til hos alle slags typar mannfolk, frå dei tjukke til dei livstrøytte, dei tynne, dei kvikke og sporty, meklartypane i dress og til streifaren med grågrøn ryggsekk frå 70-talet.

Dobørsten har ein funksjon

Kvar gong eg er vitne til ei dorømming, lurer eg alltid på to ting: 1. Er dorømmaren i eit forhold, skal tru? Og gjer han slik heime dersom dama ser han? 2. Er dette same type mann som har sett både ein og ti dobørstar i livet sitt, men som konsekvent synest at det er neste mann i dokøa som skal gi toalettet ein omgang med børsten? Høyr, mannfolk! Dobørsten er ikkje til pynt! Den ser kanskje fancy ut, men den har absolutt ein funksjon som de burde sjå nærmare på.

Det er mange manglar i det norske samfunnet. Vegane er ofte for smale, og altfor mange pengar forsvinn i utanlandske skatteparadis, men ein ting fungerer: tilgang på dobørstar. Eg har faktisk til gode å oppleve eit offentleg toalett utan dobørste. Det einaste unntaket må vere ombord på fly. Turbulens og dobørste er som regel ein dårleg kombinasjon, men flytoaletta er heldigvis utstyrte med heftig vakuum i toalettskåla, slik at denne biffen bruker å fikse seg sjølv.

Chili con carne

Ein gong stod eg som nestemann i dokø på ei bilferge i heimfylket Møre og Romsdal. Den unge mannen som kom ut av toalettet hadde skrekk og angst i blikket, og det var tydeleg at han ønska seg langt vekk frå situasjonen. Inne på toalettet ser eg umiddelbart kva som framkalla angsten: ei toalettskål som var sprøytemåla med gårsdagens chili con carne eller noko anna han ikkje tålte.

Men ikkje berre det – den unge mannen hadde i tillegg lagt fleire meter med dopapir oppi skåla – i eit patetisk og lite oppfinnsamt forsøk på å dekke over ugjerninga. Og her kjem det pussige: Toalettet hadde dobørste. Til og med svært synleg plassert ved sidan av doskåla.

Sidan eg følte svært sterkt at denne vaskejobben på ingen måte burde tilkome meg, gjekk eg ut igjen i kafeteriaen på ferga og spora opp den uheldige mannen. Han var ikkje vanskeleg å finne. Det var berre å sjå etter han med andletet som sa: «Hjelp meg! Eg har full bleie!» Eg ga han uansett klar beskjed om å ordne opp etter seg, noko han faktisk manna seg opp og gjorde. Dette er ein av fordelane med snart å runde 50: Ein får mykje gjort med å bruke litt streng stemme.

Så, kvinner: Det er tid for den store praten. Er mannen din ein dorømmar? Snakk med han om heilt vanleg hygiene. Spør om han er ein slik tosk som innimellom unnlet å vaske hendene etter dobesøk og om han i tillegg er ein slik fjomp som ikkje tek ansvar med dobørsten. Få han til å teikne ein dobørste for deg og fargelegge denne, slik er du sikker på at han kan gjenkjenne ein ved neste korsveg. Og hugs å snakke med streng stemme. For dropping av handvask etter dobesøk er dealbreaker, eller kva?

LES OGSÅ: «Det store spørsmålet er om det er farlegare å bli hekta på Fortnite enn på Yatzy»

Til forsiden