Eg trur mange av oss har opplevd å innlede vennskap med personar som etter kvart viser seg å være energikrevjande. Ein skapar nye relasjonar til folk på ulikt vis. Nokre treff ein på jobben eller i nabolaget. Nokre er foreldre til ungane i klassen eller på treninga. Andre har ein hatt heile livet, heilt sidan barndomen eller studietida. Nokre venner får ein gjennom felles venneflokkar, og andre har ein kanskje truffe på ferie i Syden eller på høgfjellshotell.
Det er ingen oppskrift på korleis ein treff på folk som ein kanskje til slutt endar opp med å bli venner med. Det å ha gode venner er ikkje noko ein skal ta for gitt, vennskap må pleiast som ein rosehage. Det må vatnast og lukast, og så treng det masse sol og varme, tid og kjærleik.
Det å ha gode venner er eit privilegium. Gode venner skal kunne tåle at det stormar litt på toppane på same måte som når det bles ein artig medgangsbris med latter og glede. Gode venner skal tåle mykje i mine auge. Er ein så heldig at ein har venner, så ta godt vare på dei, det er nemleg ikkje gitt.

- Barna mine har flyttet hjemmefra, og jeg ELSKER det
Men så kjem vendepunktet, for nokre gonger kjenner ein at venner kan suge energien ut av ein som når ein stappar sugerøret ned i brusglaset og tømmer det på nokre få supar. Venner som ikkje evner å prate om anna enn seg og sitt. Venner som sjeldan tar kontakt med mindre dei treng hjelp til eit eller anna. Eller venner som berre forventar at det er du som driv heile vennskapet. Det ein kallar einvegskommunikasjon.
Eg merkar meg at eg med åra er blitt meir oppteken av kven eg vil bruke tida mi på. Eg trur det er noko som kjem med alderen og tryggleiken i deg sjølv. Når dette med vennskap har kome på bordet, så har mine eldre venninner ofte gjeve meg det rådet at eg burde tenke gjennom kven av dei eg kjenner, som gjev meg noko. Kven som bryr seg ordentleg om meg og gjev meg energi. Kven som er der på ein gråvêrsdag og kven som dansar saman med meg i vennskapet vårt. Og kutte ut det som ikkje gjev meg noko og som berre stel energi.

Ville du gitt meg setet ditt?
Å sette eit slikt rekneskap på eit venskap synes eg er vanskeleg. Nesten umogleg. Men veit de, øving gjer meister. Livet er rett og slett for kort til å kaste bort tid på folk som ikkje heiar på deg. Eg vil råde alle til å bruke tida si på vennskap som er fruktbare.
Å bli sittande ved bordet med den som dreg deg ned, er ikkje ein hobby ein skal halde på med. Prioriter dei som er rett for deg. Gud hjelpe meg kor mange gonger eg har tenkt: «Å, neeei, ikkje la meg bli sittande ved sida av den som får kvar einaste historie til å høyres ut som den mattetimen med geometri som var så kjedeleg og forutsigbar at eg måtte klype meg i skinnet under låret (ja, det kan det være skikkelig vondt å klype seg akkurat der) for å halde meg vaken.»
Eg har (nesten) heilt slutta med det, eg tar ansvar for eigen lykke og eigne minnerike augeblikk. Eg trur mange av oss kunne ha godt av å ta ei «opprydding» i relasjonane sine. Hugs at du er ei rose som treng sol og varme, og nå kjem våren.
Oppdag mer mote, livsstil og historier fra virkeligheten på KK.no

- Gikk ned åtte kilo på fem uker. Så skrotet jeg hele dietten

- Eg må skjerpa meg
