Eli Kari Gjengedal:

Min største skrekk

Å passe på tennene sine viser seg å være ekstra viktig når ein er komen i overgangsalderen.

ELI KARI GJENGEDAL: Dårleg ånde og slett tannhygiene er min største skrekk, skriver vår spaltist Eli Kari Gjengedal. FOTO: Astrid Waller
ELI KARI GJENGEDAL: Dårleg ånde og slett tannhygiene er min største skrekk, skriver vår spaltist Eli Kari Gjengedal. FOTO: Astrid Waller Vis mer
Publisert

Eg kjem aldri over denne tørrvittige kommentaren den gongen eg skulle halde foredrag om presentasjonsteknikk for … ja, du gjetta rett … rundt 800 tannlegar som var samla frå heile landet for nokre år ­sidan.

Fyrst forstod eg ingenting … «Hæ? Dårleg ånde? Kva er det du snakkar om?» Eg kvapp sjølvsagt litt. Var heilt sikker på at det var eg som stinka der eg stod. Rett nok hadde eg ikkje fått i meg noko særleg meir enn ein liten kaffe­skvett med tre dråpar lettmelk (som tilsvarer 39 kaloriar, cirka like mykje som eit tørt frøknekkebrød. Ja, eg er flink til å telle kaloriar på morgonkvisten, heilt til eg sprekk til lunsj).

Kaffeånde på tom mage er ­kanskje ikkje det friskaste pustet ein finn på kloden. Men dårleg ånde vil eg ikkje ha på meg. Det er rett og slett verste sort.

Du hugsar kanskje den læraren på skulen som ­hadde skrekkeleg dårleg ånde? Den læraren som bøygde seg ned mot pulten din for å vise deg korleis Pytagoras' setning fungerte i praksis eller korleis ein på engelsk stavar flodhest, kor mange p-ar det eigentleg er i hippopotamus? Ein blir uansett ikkje betre til å sy korssting eller knytte makra­me når kunnskapen til hand­arbeidlæraren er akkom­­pagnert av eimen av ein god gammaldags dårleg ånde.

Dårleg ånde og slett tannhygiene er min største skrekk. Eg prøvde meg på i overkant hyppige turar til tannlegen min, men han ­kunne fortelle meg at han hadde ikkje behov for å sjå meg anna enn når det brann på dass. Og ifølge han brenn det på dass når tennene meir eller mindre dett ut av gommane dine. Så han henviste meg til tannpleiar, og dit går eg no to gonger i året.

Eg har ofte mareritt om at at tennene mine smuldrar opp. Etter å ha lest gjennom ulike draume­tydingar, viser det seg at frykten for å miste tennene er fykt for å miste dei ein er glad i. I alle fall ifølge verdas meste kjente psykolog, Sigmund Freud. Kanskje det er derfor svært mange er så redd for tennene sine?

I tråd med min godt innarbeida «tannskrekk» (eg dreg sjeldan til ut­landet før eg har sjekka tennen mine) har eg sjølvsagt sett meg godt inn i kva overgangsalderen har å seie for kvaliteten på tannhelsa mi. Og no deler eg villig med dykk, mine kjære medsøstre og brødre.

Å passe på tennene sine viser seg å være ekstra viktig når ein er komen i overgangsalderen. Det har seg slik at hormonubalansen påverkar spyttet vårt og kan, i verste fall, føre til at ein blir tørr i munnen. Det som er så dumt med ubalanse i spyttet, er at spyttet vårt er sjukt viktig for balansen av bakterier i munnen. Spyttet rensar med andre ord munnen vår og kvittar seg med bakteriar. Og som med alt mogleg anna her i livet: Dess mindre rens, dess verre lukt og meir råte. Det er superviktig å passe godt på tennene sine uansett alder, men er du i overgangs­alderen, bør du passe ekstra godt på. Og med å passe på meiner eg å sjekke tennene dine minst ein gong i året.

Eit smil med sunne og sterke tenner er tegn på trivsel og styrke. No tar eg sikkert heilt av her, men ingen heste­handlar taua med seg ein hest med dårlege tenner heim frå marknaden i gamle dagar. Så sterke tenner har alltid vore viktig. Mitt råd til deg denne gongen, uansett om du er hingst eller hoppe, er:

Puss, puss, så får du ein suss!

Oppdag mer mote, livsstil og historier fra virkeligheten på KK.no

Følg på Instagram Abonner på KK magasinet

Vi bryr oss om ditt personvern

KK er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer