NAPPING AV BRYN: Om du er mann over 50, kan du vurdere litt luking både her og der, men ikkje så mykje at du må male på nye strekar. Og om du er kvinne – hugs at hårtranplantasjon av bryn ikkje er kome så langt ennå. Det kjem nok, men det kjem til å koste, skriver Fredrik Steen. FOTO: Astrid Waller
NAPPING AV BRYN: Om du er mann over 50, kan du vurdere litt luking både her og der, men ikkje så mykje at du må male på nye strekar. Og om du er kvinne – hugs at hårtranplantasjon av bryn ikkje er kome så langt ennå. Det kjem nok, men det kjem til å koste, skriver Fredrik Steen. FOTO: Astrid Waller
Napping av bryn

Neste gong du går forbi eit skilt der det står napping av bryn - så vil eg du skal tenke deg om

- Trass i dei klare og opplagde funksjonane til augebryna, er det urovekkande mange kvinner som vel å nappe bort heile stasen, skriv KK-spaltist Fredrik Steen.

Samanlikna med dei fleste andre pattedyr, er menneskedyret eit relativt hårlaust vesen. Likevel er det ingen som bruker meir tid på hårstråa sine enn oss på to bein. Den største utfordringa til mannen er om han kjem til å behalde håret sitt eller ikkje, og han bruker gjerne astronomiske summar for å tvihalde på dei fjona han har.

Eitt tips frå ein som har vore i skallabransjen lenge: Kjøp heller ein barberhøvel til 199,- og stå for den blanke skallen din. Easy-peasy, mate.

LES OGSÅ: Å karikere kvinna på scena har gitt meg eit fiffig innblikk i kvinnelivet

Tynne hårstrå

Kvinner på si side uttrykker mest bekymring for at håret deira er slik det er. Svært få kvinner er nemleg nøgde med den hårkvaliteten og hårfargen dei er utstyrte med frå naturen si side, og dei fleste bleikar og fargar så mykje at dei har gløymt den opprinnelege hårfargen sin. Slike kvinner seier gjerne ting som: «Frisøren min seier at eg har mange hårstrå, men kvart strå er så utruleg tynt!»

For å kompensere for dette betaler gjerne kvinnene gjerne tre og eit halvt tusen kroner for eit frisørbesøk opptil åtte gonger i året, i tillegg til at dei får veska proppa full av hårprodukt som er utvikla gjennom unike samarbeid på ulike institutt i Sveits. Dei er generelt gode på unike samarbeid i Sveits.

Menn som bur saman med kvinner får aldri vite den faktiske prisen på desse hårprodukta, men vi forstår det slik at dei vert innkjøpte via heilt eigne budsjett. Eg har lese fleire og tungtvegande artiklar om at håret faktisk blir på sitt vakraste om ein unngår å vaske det heilt, og let dei naturlege feittstoffa i hovudbotnen gjere jobben. Dei fleste kvinner veit dette, men tør ikkje å prøve – i tilfelle det skulle vise seg å stemme.

Augebryn: ei finfin oppfinning

Augebryna er òg ein del av den menneskelege pelsen, og er ei finfin oppfinning frå naturen si side. Bryna gir ein svært god indikasjon på kva stemning ein er i, og ein kan lese alt frå sorg, smerte og mistenksomheit, til glede og lykke – ut i frå eit sett med heilt vanlege augebryn. Eg kjenner ein fyr som har svært lyst hår og enda lysare augebryn. Han må ofte understreke til dei han møter at han ikkje er sjokka. Han skal visstnok aldri ha vurdert å farge bryna sine, så vidt eg veit. Likevel greier han seg relativt fint. Respekt, ass.

Mange menn - særleg dei som har passert 50, valsar rundt med ustelte og monstruøse augebryn, og gjerne store kvastar stikkande ut av både nase og øyrer. Dei kunne absolutt trengt ein liten stuss, men er overtydde om at stell av anna hår enn det som er på hovudet er femi, og det vil dei ikkje ha på seg.

Augebryna lyg sjeldan, og fungerer såleis som halen på ein hund. Ein skal ha både god kroppskontroll og skodespelarevne for å undertrykke kjensler som fyk rett i bryna på ein. Du kan til dømes prøve å sleppe ein god brakfis i full offentlegheit, inne i køa på ein kaffibar. Ingen vil sannsynlegvis våge å seie noko, men alle augebryna inne i kaffibaren vil henge oppunder taket i lang tid – i alle fall til lukta har gitt seg.

LES OGSÅ: - Å kome på døra utan avtale er nesten like frekt som å spionere på folk som dusjar

Monobrynet

Ein annan svært viktig og undervurdert funksjon til augebryna er å hindre at vatn og sveitte kjem inn i augene. Sistnemnde kan føre til kraftig svie, og utan ein nyvaska frottéhandduk på innerlomma kan slikt bli relativt ubehageleg. Innimellom ser ein òg ein og annan variant av det såkalte ”monobrynet”.

Monobrynet er ei artig avveksling i bybiletet, men i motsetning til vanlege bryn - som kjem parvis, kan det hope seg opp med regnvatn oppå toppen, som igjen kan føre til store oversvømmingar i andletet – som når ei demning bristar. Det kan difor vere lurt å dele monobrynet i to, og lage ei lita dreneringsluke ned mot nasen.

Trass i dei klare og opplagde funksjonane til augebryna, er det urovekkande mange kvinner som vel å nappe bort heile stasen - for så å erstatte det tapte med ein påmala, svart strek. Streken varierer stort i tjukkleik, og eg tenker ofte at dei som malar tynn strek kanskje kunne ha mala litt tjukkare, og at dei som malar tjukk strek kanskje kunne ha mala litt tynnare.

Den gyldne middelveg, altså. Enkelte har òg ein tendens til å velje ein mørk fargetone som står i litt for sterk kontrast til det bleika håret sitt, slik at mange kvinner i dag ser ut som om dei er med på ei skummel filminnspeling eller liknande.

Andre malar på seg svingande strekar som gjer at dei ser bråsinte ut på lang avstand. Eg har òg registrert ein auke i triste augebryn, der streken er teikna i stor halvsirkel og strekk seg langt ned mot kinnbeinet på yttersida. Dette viser altså fallgrubene ved heimebehandling.

Tenk deg om

Neste gong du går forbi eit skilt der det står ”Napping av øyenbryn” så vil eg du skal tenke deg om. Om du er mann over 50, kan du vurdere litt luking både her og der, men ikkje så mykje at du må male på nye strekar. Og om du er kvinne – hugs at hårtranplantasjon av bryn ikkje er kome så langt ennå. Det kjem nok, men det kjem til å koste.

Sjølv er eg skalla, men håret løsna av seg sjølv – det var ingen pinsett involvert. Eg berre nemner det, altså.

LES OGSÅ: - Eg saknar postbetjenten i stramme postbukser og matchande piquéskjorte

Til forsiden