Eli Kari Gjengedal:

- No får eg kritikk for det. Det var ikkje tilfelle då eg var yngre

Og med det har Eli Kari bestemt seg for en ting.

ELI KARI GJENGEDAL: Det lange lyse håret mitt er truga. Det har vorte sett under lupa til forståsegpåarane, skriver Eli Kari Gjengedal. FOTO: Astrid Waller
ELI KARI GJENGEDAL: Det lange lyse håret mitt er truga. Det har vorte sett under lupa til forståsegpåarane, skriver Eli Kari Gjengedal. FOTO: Astrid Waller Vis mer
Publisert

Ikkje det at det er noko gale i ein kort sveis, det kan være både kledeleg og sexy. Så alle dykk damer med flotte korte sveisar, ikkje kvess klørne no. For dette er ikkje fundering på om kort eller lang frisyre er best eller verst.

Poenget mitt er fyrst og fremst at ein skal få bera det håret ein ynskjer sjølv. Ingen andre skal bestemme dette. Verken frisøren eller andre forstå­seg­påarar. Dei kan få sleppe til om ein ber om råd. Elles kan dei halde meininga si for seg sjølv, spør du meg.

Eg har alltid hatt det lange, litt rotete håret mitt. Det er, som for dei fleste ­andre, ein stor del av personlegdomen min. Håret mitt er viktig for meg. Og det syner også på mange måtar kven eg er.

Det litt rotete håret

Då eg var lita, var det ikkje snakk om at eg skulle ha noko anna enn langt hår. Slik det seg hør og bør var tradisjon for i bondefamilien min frå Nordfjord. Pappa stussa håret mitt før 17. mai kvart år. Eg sat på ein stol i hagen rett ved rosebedet til mamma. Eg hugsar eg sat og såg på at fjonene mine bles i vinden opp mot dei snøkledde toppane slik det er på Vestlandet om våren. Systera mi hadde også langt lyst hår med fall i. Ho var så heldig at ho hadde eit flott, tjukt gullhår. Eg, derimot, var velsigna med det skjøre, tynne, glatte og litt rotete håret. Men lyst var det, ­nærmast heilt kvitt.

Dei seinare åra har håret mitt gråna. Som den blondina eg er, har eg fått ein kald, kvit gråtone som blandar seg lett inn i mitt naturlege, lyse hår. Dermed slit eg ikkje med veldig synleg ettervekst frå stripene eg har i det. Stripene er tona ein tanke mørkare enn det naturlege gråe.

Når eg vert gamal, skal eg ha det lange håret mitt. Men eg ser for meg at eg skal samle det i ein knute i nakken, med eit tital hårspenner i. Nett slik dei gamle tantene til mamma i Gjengedalen gjorde, slik eg hugsar frå oppveksten. Men folkens, det er ­søren meg ikkje sikkert eg får det til. For det lange lyse håret mitt er truga. Det har vorte sett under lupa til forståsegpåarane.

Får kritikk

I mine snart 24 år som kjendis på tv har eg hatt det same lyse, lange håret (med unntak av ein gong det var ynskja at eg prøvde noko nytt, og eg fekk eit cappuccino-farga, skulder­langt hår, som eg jobba på spreng med å få til å forsvinne så eg kunne bli mitt gamle eg igjen så fort som mogleg).

Gange-eeeh?: Det var ikke lov til å løpe i de første episodene av «71 grader nord - team». Men er dette gange eller løping? Video: Discovery+ Vis mer

Men no er det altså slik at eg får kritikk for håret mitt. Noko som ikkje var tilfelle då eg var yngre. Etter at eg kom opp i åra, er håret mitt plutseleg blitt «ustelt, for lyst, for langt og uklede­leg». Det er beskjeden eg får. Til og med timar etter at eg kjem frå frisøren med nystussa manke, er det ustelt, ifølgje visse folk.

Det er med dette som bakteppe eg har kome fram følgjande: Det er rett og slett slik at damer over 45 ikkje skal ha langt hår. I alle fall ikkje om ei viss påvirkningkraft skal få bestemme.

Men veit dykk folkens, eg skal vinne. Eg skal behalde det lange håret mitt til eg går i grava, om ikkje anna så kun på pur f… Hår er nemleg ikkje «berre» hår. Damer, ikkje la andre definere kven du er. Likar du lilla, lateks og langt hår, så «JUST GO FOR IT!».

Følg på Instagram Abonner på KK magasinet