ORIONS BELTE: Helge Jordal (t.v), Sverre Anker Ousdal og Hans Ola Sørli var med i den norske filmen Orions belte den gong film var "grei for å vere norsk. "FOTO: NTB scanpix
ORIONS BELTE: Helge Jordal (t.v), Sverre Anker Ousdal og Hans Ola Sørli var med i den norske filmen Orions belte den gong film var "grei for å vere norsk. "FOTO: NTB scanpix Vis mer

Fredrik Steen

- Norsk film er ikkje som før - og takk for det!

Eg hugsar titlar som «Orions belte» og «Drømmeslottet». Eg har sett begge, men vil helst ikkje snakke om det.

Publisert

Noreg er velsigna med eit vell av dialekter og språkleg mangfald, og det er alltid stas å gjette kvar folk kjem frå. Men snart må dei alle vike for den nye og meir lønsame TV-seriedialekten. Men først litt om filmtitting i min eigen ungdom - før mobiltelefonen, før Netflix og før streaming.

Ja, vi leigde rettnok videofilmar av og til, og vi kunne til å med slå til og leige to filmar i ein smekk. Men der stoppa det. Hadde eg som ungdom brukt ei heil helg til å sjå 14 filmar på rad, ville eg ha blitt henta av menn i kvite frakkar og utrykkslause fjes. I dag veit sjølv 6-åringen i huset kva det vil seie å «binge». Førre helg binga ho 5 sesongar av Peppa Gris utan å endre ansiktsuttrykket éin einaste gong.

LES OGSÅ: Å heisan! Du snakkar dialekt, så artig!

Moviebox

KK-spaltist Fredrik Steen. FOTO: Astrid Waller
KK-spaltist Fredrik Steen. FOTO: Astrid Waller Vis mer

I min ungdom var det ikkje alle som hadde råd til videospelar, men det gjorde ingenting: Videosjappene hadde nemleg Moviebox til utlån – ein liten snerten videospelar plassert i ein koffert som såg ut som noko James Bond disponerte.

Så lenge du hadde kontroll på tracking-knappen, vart filmkvelden smertefri: Dersom bildet ikkje var heilt stabilt, var det berre å skru hjulet vilkårleg til eine eller andre sida – og vipps – så var bildet klart som dagen igjen. Det vil seie – mobiltelefonar i dag har omtrent 44 gonger betre bildekvalitet enn dei gamle VHS-kassettane, men vi klaga aldri, for vi visste ikkje betre.

Men nåde den som ikkje spola tilbake filmen før innlevering. Ein kompis av meg gløymde å spole tilbake «Adjø solidaritet» før innlevering ein blytung novembersøndag i 1986. Éin ting var bota på 20 kroner, men skamma var langt, langt tyngre å svelge. Det var nemleg ingen som såg norske filmar i Ulsteinvik på 80-talet, og denne vara i 2 timar og 21 minutt. Han slit framleis med store seinskader. «Spoleskam» var årets nyord i 1986.

Fredrik Steen (50)

  • Feminist og fast spaltist i KK
  • Er forøvreg komikar, skodespelar og sanger.
  • Er sambuar, har fire barn
  • Oppvaksen i Ulsteinvik, men no busatt på Austlandet

Grei for å vere norsk

Dersom det ein sjeldan gong vart vist ein norsk film på den lokalen kinoen i Ulsteinvik, visste kinosjefen at ryddinga i salen etterpå kom til å bli ein leik. Og det beste komplimentet ein norsk film fekk på den tida var «grei for å vere norsk». Videosjappa hadde to små rader med norske filmar, men om las du bakpå omslaga forstod du fort at filmkvelden kunne framstå som ein slag russisk rulett.

Eg hugsar titlar som «Orions belte» og «Drømmeslottet». Eg har sett begge, men vil helst ikkje snakke om det. Men eg kan trekke fram Helge Jordal i «Orions belte», for eg hugsar at han snakka bergensdialekten sin - heilt utan blygsel. Men i dei fleste andre norske filmane frå 80-talet snakka dei fleste som om dei var frå Vika i Oslo i mellomkrigstida og måtte tvanglese noko som stod på ein lapp. Meir tør eg ikkje seie, av frykt for represaliar.

LES OGSÅ: - Neste gong du går forbi eit skilt som reklamerer for napping av bryn, vil eg at du skal tenke deg godt om!

90-talet

Utover på 90-talet vart det produsert fleire norske filmar enn tiåret før, og kvaliteten steig betrakteleg. Ein kan godt seie at den naturlege, austnorske talemåten stabiliserte seg på 90-talet, og skodespelarane høyrdes ikkje lenger ut som om dei snakka med ein pistolmunning mot tinningen.

I dag er både norske filmar og TV-seriar blitt stovereine både i inn- og utland, og rett mange av oss kan sjå på utan å rødme. I tillegg er skodespelarane blitt så gode til å snakke truverdig austnorsk at denne dialekten har spreidd seg til alle landsdelar og regionar i film- og TV-produksjon. Uansett kvar i landet ei filma historie har utspringet sitt frå, så sprett der fram austlendingar i stort monn, anten det er på «Heimebane» i Ulsteinvik, eller den nye Netflix-serien «Ragnarrok» som vart filma i Odda i Hardanger.

Ja, norsk film- og serieproduksjon har rett og slett konstruert TV-seriedialekten, og innan 2030 skal alle norske borgarar snakke austnorsk – men med tjukk l i «alle», sjølvsagt. Tekstinga og dubbinga til andre språk skal nemleg verte så smertefri og effektiv som mogeleg, og då kan vi ikkje klusse det til med rare og pussige dialektvariantar! For noko skal vi jo leve av etter oljen, og i framtida spolar vi framover – ikkje bakover.

LES OGSÅ: Fredrik Steen: Er det mogeleg å be om litt mindre service?

Vi bryr oss om ditt personvern

kk er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer