Eg har pynta meg i mitt beste skrud,I spegelen ser eg den finaste brud.Vakker og rakrygga fer eg ut,Men i møte med andre blir eg uflidd og lut.
Eli Kari, 48 år
Kjenner du igjen gleda over å bli invitert på ein fest eller ein flott middag? Den forventninga og planlegginga i forkant? For oss jenter handlar ein stor del av det om korleis vi skal pynte oss. Korleis skal håret være? Skal ein gå for noko sprekare enn det ein gjerne gjer til kvardags? Kva med sminke? Skal ein køyre på med glitter og kraftig leppestift eller ikkje? Smykker, sko og antrekk, å, så kjekt. For ikkje å snakke om veske. Det er mykje å henge fingrane i når ein skal forberede ein stor fest ein gler seg til å delta i. Eg har for vane å starte altfor seint.
Eg står no der når dagen kjem og har gløymt å lakke negler eller stelt føtene mine slik eg burde om eg har planlagt åpne sko. Det blir litt i hui og hast. Men eg landar no til slutt med å være fornøgd framfor spegelen. Eg står der og speglar meg i fin kjole og passande tilbehør – i alle fall i mine eigne auge. Av og til tenkjer eg: «Jau, jau, det blir som det blir, dette er det beste eg får til i dag.» Nokre gonger er eg ultrafornøgd og tenkjer beint fram at eg er den beste utgaven av meg sjølv. Ein ekstra dusj parfyme, og eg er så klar! Kor fornøgd eg er, kjem litt an på dagsformen rett og slett. Og den kan no være ganske varierande i mitt hormonsvingande overgangsunivers.
Les artikkelen gratis
Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
KK er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger