Eli Kari Gjengedal:

- Om dei vaksne byrjar å kjefte på andre sine ungar, er helvete i gong

Ja, er det eigentleg ein god ide med ferie saman med andre familiar?

ELI KARI GJENGEDAL: Eli Kari Gjengedal lurer på hvordan hun hadde reagert dersom hun som 14-åring hadde blitt plassert inn i et hus med massevis av folk hun egentlig ikke kjenner. Foto: Astrid Waller
ELI KARI GJENGEDAL: Eli Kari Gjengedal lurer på hvordan hun hadde reagert dersom hun som 14-åring hadde blitt plassert inn i et hus med massevis av folk hun egentlig ikke kjenner. Foto: Astrid Waller Vis mer
Publisert

Nokre har tatt turen til utlandet, medan andre har feriert heime. Nokon har ­kanskje utsett sommarferien sin til hausten og kan ­glede seg over ein ferie når alle andre er tilbake.

Korleis ein ferierer, er sjølvsagt svært individuelt. Nokre vel gjerne å leige eit flott hus i ­Syden saman med fleire andre familiar. Eit vennepar med ungar på same alder kan være ei løysing. Ein ser for seg ­idyllen – korleis dei vaksne skal kose seg med lange måltid og gjerne noko godt i glaset, medan ungane kosar seg på «barne­bordet» for seg sjølve og putlar på med sitt. Det er ikkje alltid det endar slik, kan eg seie dykk.

I slike tilfelle kan ein kome heim att frå feiren som bitre uvenner eller slitne vaskefiller. For trivselen til ungane har alt å seie for om dei vaksne kan slappe av.

Russisk rulett

Det å dra på ferie med kjekke vener og ungane deira er som russisk rulett, spør du meg. Det kan ­enten gå veldig bra, og ein kan puste letta ut, kome heim att som endå betre vener og med styrka vennskap. Eller det kan gå strake vegen til helvete.

Eg ser for meg korleis ungane startar å krangle, og korleis ­foreldrene etter kvart byrjar å irritere seg over kvar­andre sine ungar. Det verste scenarioet er om dei vaksne byrjar å kjefte på andre ungar enn sine eigne. Då er helvete i gang for alvor. Då smittar ungane sine ­konfliktar over på dei vaksne, og rabalderet er i gang. Ein meir slitsam ferie skal ein leite lenge etter.

Tenk dykk kor lite kjekt det er når kvar einaste gong du har landa på solsenga, så skal det kome ein unge og klage og dra deg inn i ein krangel. Eller ei sur tenåringsjente som nektar å forlate rommet sitt fordi ho synest dei andre ungane er dølle og teite. Det er då eg stiller spørsmålet: Er det greitt å sette i verk slike prosjekt utan at ungane er med på leiken? Er det ikkje slik at ungane også skal på ­ferie?

Ikkje heilt greitt

Eg lurer på korleis eg hadde ­reagert om eg som 14-åring hadde ­vorte trykt inn i eit hus med massevis av folk eg egentleg ikkje kjenner på ­ferien som eg har gleda meg til. Å måtte gå og dra på ein åtteåring, bade og spele ludo når eg egentleg ville ha shoppa og kosa meg på solsenga mi, slik eg ofte gjorde som tenåring.

Det å ende opp som barnepike for andre veners yngre ungar ein heil ferie, er ikkje heilt greitt, spør du meg. Og skulle ein ­pro­t­estere ­etter nokre dagar i det fine feriehuset i ­Provence, får ein grei beskjed om å skjerpe seg og ikkje øydelegge opphaldet for heile gjengen. Nei, det er ikkje greitt å please alle.

Det viktigaste er å være heilt sikre på at alle veit kva ein går til. Eg trur at mange får seg ein støkk etter ­slike «fantastiske» feriar i teorien. Det høyrest i alle fall slik ut når oppsummeringa etter ei slik reise vert gjort. Men kjære dykk, det kan også gå rett så bra. Nokon har den villaste kjemien og har hatt ei fantastisk oppleving. Heldigvis! Men eg tippar mange ­tenkjer at neste år, DÅ skal vi dra heilt aleine på ferie. Kjenn på sommarviben i haustmørket, om den var vellukka ­eller ikkje. Kanskje hausten ikkje er så ille ­likevel.

Oppdag mer mote, livsstil og historier fra virkeligheten på KK.no

Følg på Instagram Abonner på KK magasinet
Mer om

Vi bryr oss om ditt personvern

KK er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer