Eli Kari Gjengedal:

- PANG så var hetetokta der igjen

Det å ha eit godt sovehjerte er ei gåve, spør du meg.

FOTO: Astrid Waller
FOTO: Astrid Waller Vis mer
Publisert

Lat att augo, og kjenn etter den nydelege følelsen du har når du vaknar etter ei god natt med herleg søvn. Den kjensla under dyna, når du kan snu deg rundt og klarar å sove bitte litt lenger på ein laurdagsmorgon, er ubeskriveleg. I alle fall for dei som kanskje ikkje har opplevd den følelsen på ei stund.

Overgangsalderen tuklar med mykje. Også søvnen vår. Mange slit med sov­inga, og det igjen gjer noko med livskvaliteten. Årsaka til dårleg søvn er kort fortalt hormon­svingningar. Dei merkar vi ­mellom anna gjennom desse forbaska hete­toktene. Veit du at når du stille og roleg heilt utan anelse søv din skjønnaste søvn, kjem hetetokta som eit mareritt over deg. Inne i hjernen din lyser det opp eit skarpt lys, nesten som ein svær satellitt på nattehimmelen når solstrålane treff der ute i rommet. Ei bølge med adrenalin vekker deg og hjernen din opp. Bølga produserer sveitte og endrar kroppstemperaturen din slik at kroppen din også vert påverka.

PANG så var hetetokta der igjen

Det er vanskeleg å sovne igjen umiddelbart. ­Adrenalinet treng tid til å roe seg ned så du finn fred og får sove igjen. Når du så ligg der og ventar på ro i kropp og sjel, kvernar tankane. Det er alt mellom himmel og jord som fer gjennom hovudet. Nokon gonger er det svært så kreativt, andre gonger destruktivt. Ein byrjar å bekymre seg over det eine og det ­andre. Det er skummelt.

Les artikkelen gratis

Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

KK er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer