KK-SPALTIST: Kva vil du med reisa di, spør Fredrik Steen. Om du berre skal sitte og scrolle på mobilen, kan du like godt bli heime, meiner han. FOTO: John Andresen
KK-SPALTIST: Kva vil du med reisa di, spør Fredrik Steen. Om du berre skal sitte og scrolle på mobilen, kan du like godt bli heime, meiner han. FOTO: John Andresen Vis mer

Nye reisevanar

- Reising er redusert til loggføring av hotell og stilige barar

Skal du verkeleg reise ein stad? Eller skal du berre gjere nøyaktig det same som elles – berre i ein annan by, spør standup-komikar og KK-spaltist, Fredrik Steen.

Når kollegaene dine spør deg korleis helga har vore, er det ingen som lenger himlar imponerte med augene om du seier at du var i London, København eller Barcelona for å slappe av eit par dagar.

Dessutan har dei alt sett loggen av alle drinkane og crossover-maten på Facebook. Been there, done that.

LES OGSÅ: - Åh, heisan! Du snakkar dialekt. Så artig!

Scrolle på mobilen

Dei fleste synest reising er kult. Men om ikkje reisa di har anna mål enn litt miljøskifte, og du i tillegg berre blir sitjande i ein annan europeisk by og scrolle på mobilen, meiner eg vi like godt kan la det vere.

Reising burde på alle måtar handle om danning av menneskesinnet, om å sjå seg sjølv utanfrå og å oppleve andre kulturar. I staden er reising redusert til loggføring av flyplassar, hotell og stilige barar.

Det blir som å ha bokhyller stappa fulle av bøker du aldri har lese - det er imponerande heilt til ein gjest kjenner igjen ein bokrygg og begynner å stille inngåande spørsmål.

Reising i gamle dagar

Tenk deg at du var deg for to hundre år sidan. Du kom frå ein liten gard på Vestlandet, men så lenge du kunne hugse hadde du hatt eit sterkt ønske om å få sjå Roma. Kanskje du hadde fått tak i ei bok om denne eventyrlege byen, eller så hadde bestefar din vore der og fylte til stadigheit kvardagane med forteljingar om både Colosseum, Vatikanstaten og dei vakraste bygningane du kunne førestille deg?

Dette var uansett nok til å tenne gnisten i deg. Du ville sjå og oppleve Roma - for einkvar pris. Du ville sjå dette yrande gatelivet som bestefaren din hadde fortalt deg om, og du ville finne ut om det var sant at italienarane snakka så høgt og fekta så mykje med armane som du var blitt fortalt.

Då du endeleg vart gamal nok, fann du ut at du kunne ordne deg skyss med ei lokal frakteskute til Bergen, og derifrå hadde du høyrt at det var mogleg å kome seg vidare til Amsterdam med båt. Deretter visste du ingenting anna enn at du måtte kome deg til Roma.

Frå Amsterdam tok du beina fatt og gjekk heile vegen til Luxembourg, og sjølv om du vart rana for dei siste skillingane dine frå ei hestevogn i Belgia, var du framleis ved godt mot. Det var jo så mykje spanande å oppleve, og overalt kor du kom, ville folk vite kven du var og kvar du var på veg.

Du plukka opp lokale fraser og skaffa deg småpengar til både mat og husly ved å synge norske viser på dei lokale torga på kveldane. Du oppdaga til di store forbausing at du for mange var ein eksotisk, ung mann frå nord.

LES OGSÅ: - Å kome på døra utan å varsle på førehand er nesten like frekt som å spionere på ein som dusjar

Skulen din

Men i Syd-Tyrol vart du kasta i fengsel grunna ei misforståing, og då du slapp ut tok du deg hyre som potetskrellar på ei kneipe for å skrape i hop meir pengar til reisa vidare. Då du etter eit halvt år kom deg på vegen igjen, hjelpte du ei ung kvinne med eit flyttelass som ramla av ei hestevogn, og så vart du forelska og gifta deg. Kanskje du aldri kom deg til Roma? Kanskje du enda opp i ein liten landsby i Sør-Frankrike i staden for?

MODERNE DANNING: Reising handlar i våre dagar meir om å fylle instagram enn å danne sinnet, meiner KK-spaltist Fredrik Steen. FOTO: NTB scanpix
MODERNE DANNING: Reising handlar i våre dagar meir om å fylle instagram enn å danne sinnet, meiner KK-spaltist Fredrik Steen. FOTO: NTB scanpix Vis mer

Uansett kvar reisa slutta, så prega den deg for resten av livet. Ja, den vart på ein måte skulen din, og då du sjølv vart bestefar, trekte du stadig fram reisa for å lære barnebarna dine om livet.

Prøv å gjere det same med ein chartertur til Alcudia. Kanskje slik: «Eg har reist på chartertur to gonger i livet. Eg kan verkeleg ikkje forstå kvifor Charter-Svein gliser slik.»

Charter

Eg har også reist på chartertur to gonger i livet. Kveg var det eg følte meg som. Kveg som vart pusha rundt - slik at eg kunne legge frå meg pengar på dei rette plassane.

Men eg gløymer aldri avgangen frå Gardermoen på den siste av dei to turane. Vi skulle akkurat til å gå ombord i flyet, då ei stemme på høgtalaren fortalde at avgangen var utsett i minst ein time på grunn av eit teknisk problem. Rett framfor meg stod ein livstrøytt 14-åring som sikkert såg fram til å chille i varmen. Men då han høyrde meldinga knakk han i hop og skreik høgt ut: «Faaaaan i hællvette!»

Og dette ungdommelege hjertesukket sa eigentleg alt om kva reising er blitt for Ola Nordmann: Det hadde vore meir stas om vi hadde sluppe desse forbaska transportetappene. Når vegen ikkje er like viktig som sjølve målet lenger, er det på tide å finne på noko anna på fritida. Godt for sjela di, og godt for miljøet.

LES OGSÅ: Hundeeigarar er ein eigen rase ein skal vakte seg vel for

Sjekk KKs kjærlighetshoroskop

Saker spesielt utvalgt for deg: