LIKESTILLING: - Det finst dessverre framleis menn der ute som ikkje veit kva dei skal bruke ei kvinne til dersom dei ikkje får ligge med henne. <br>FOTO: Astrid Waller
LIKESTILLING: - Det finst dessverre framleis menn der ute som ikkje veit kva dei skal bruke ei kvinne til dersom dei ikkje får ligge med henne.
FOTO: Astrid Waller Vis mer

Fredrik Steen:

- Skal eg miste taleretten min om kvinneundertrykking - berre fordi eg er mann?

- Alle menn er ikkje kvinneundertrykkande idiotar, seier KK-spaltist Fredrik Steen.

Etter å ha sett Brennpunkt-dokumentaren ”Kjønnskampen” på NRK, skulle ein tru – med nokre unntak - at det går rette vegen når det gjeld likestilling og kjønnskamp i Norge – for kvinnene. Men ikkje fullt så bra for menn. Det var fleire forhold i dokumentaren som med vitskapleg prov og fakta viste til ei klar diskriminering av menn og gutar, mellom anna når det gjeld karaktersetjing i grunnskulen, og kjønnspoeng ved opptak til høgskular og universitet.

Mannlege studentar får kjønnspoeng i fem ulike studier, medan kvinnene får kjønnspoeng ved opptak til heile 120 studier. Om det finst menn der ute som har protestert mot denne praksisen, har dei i alle fall ikkje ropt høgt nok. Psykologisk institutt ved UiO har ved fleire høve forsøkt å søke om å få gje mennene kjønnspoeng, men fekk som svar seinast i 2017 at likestillingslova ikkje opna for å kvotere inn menn, men berre kvinner. Då har likestillingslova feil namn.

LES OGSÅ: - Jeg innså hvilken kamp kvinnene før meg har kjempet

Barnelova

I 2009 skreiv eg i Aftenposten om den mannsdiskriminerande barnelova. Kronikken «Barnelov til mors beste» tok mellom anna for seg det faktum at for foreldre som ikkje er gifte ved samlivsbrotet, går omsorgsretten automatisk til mor. I tillegg seier rettspraksisen at i tilfelle med mykje konflikt, er det ikkje tilrådeleg å dømme delt bustad i ei samværssak. Kvinnene har då alt å vinne på å oppretthalde ei eventuell konflikt.

Med unntak av nokre små justeringar fullstendig blotta for juridisk verdi, har lova har vore uforandra i mange år. Eg snakka med deg om dette på eit politisk møte for ti år sidan, Trine Skei Grande. No er du likestillingsminister! Er du vaken?

Den gongen forsøkte eg å melde inn barnelova til likestillingsombodet, men fekk i enkle trekk som svar at likestillinglova var laga for kvinner, og ikkje for menn. Altså feil namn på både ombod og lov i dette tilfellet òg.

Undertrykte kvinner

Dei som måtte finne det for godt å hevde at kvinner ikkje har vore undertrykte på dei verste vis i lange tider bør klamre seg til ein dregg og hoppe i havet. Ein treng ikkje gå lenger enn til 50- og 60-talet, for å sjå eit kjønnsrollemønster som i beste fall berre var komisk.

Mor var heime aleine med ungane, vaska golv, tørka støv, strauk skjorter og klargjorde middagsmåltidet til far – og sørga attpåtil for at han kunne legge seg på sofaen etter middagen, for han var så sliten etter jobben.

Vi gløymer sjølvsagt heller ikkje den seksuelle undertrykkinga som menn har stått for gjennom uminnelege tider – med overgrep og faenskap. På same tid fann ein uendeleg mange døme på at kvinner med «uekte» barn blei Noregs lavkaste. På toppen av dette måtte svært mange kvinner leve med at barnet kom til etter ei valdtekt.

LES OGSÅ: Dette er damene som kjempet frem kvinners stemmerett

Må menn halde kjeft?

Men alle menn var ikkje slik den gongen, og alle menn er ikkje slik no. Sigrid Bonde Tusvik er ei sterk stemme i kjønns- og likestillingsdebatten i Noreg, men det verkar som om ho tek alt det ho opplever som urettvist mot kvinner oppi same pose – og denne spring ho rundt med og fresar.

Eg veit ikkje kor konstruktiv det er, for denne kampen kan ikkje vinnast med enda høgare barrikader. Eitt argument som ofte går igjen frå kvinner er at dei har vore undertrykt så lenge at vi menn berre skal sitje musestille i båten og halde godt kjeft. Det går eg ikkje med på, for alle menn er som sagt ikkje kvinneundertrykkande idiotar.

Skal eg miste taleretten min i enkelte saker om kvinneundertrykking - berre i kraft av kjønnet mitt?

Ja, der fins beklagelegvis framleis menn der ute som ikkje veit kva dei skal bruke ei kvinne til dersom dei ikkje får ligge med henne. Men gjer for all del ikkje desse mennene til premissleverandør for kjønns- og likestillingsdebatten.

Sutrete menn

Men kven er eigentleg desse sutrete, kvite mannfolka som Sigrid snakkar om?

Eg er sikker på at dei finst, men kva med å drite i det. Kva med heller å samarbeide med oss som er på same lag? Vi som greier å temje testosteronet, vi som ser at alle må vere greie med kvarandre og respektere kvarandre uavhengig av kjønn, herkomst, alder, etnisitet og seksuell legning.

Vi er ein ganske stor flokk, Sigrid.

LES OGSÅ: Russejenter, hvorfor roper dere ikke stopp?

Abortlova

Det er ufatteleg trist at regjeringa no vil ofre kvinners sårt tilkjempa rettar på bålet, og at diskusjonen om abortlova er blitt ein arena der ein kjøpslår for politisk gevinst. At KrF tek sjumilssteg bakover i tid burde ein kanskje berre forvente med middelalder-Ropstad bak roret, men at statsministeren og Høgre har selt sjela si for å få betre fotfeste, er slik eg ser det noko av det mest familie- og kvinnefiendtlege som har skjedd i norsk politikk på lange tider.

Så kva kan vi gjere? Likestillingsarbeidet må vi jobbe med sak for sak, og ikkje som ein kamp mellom to leirar, eller to kjønn. Menn må hjelpe kvinner, kvinner må hjelpe menn. Og når vi har fiksa ting, går vi vidare utan å halde fram med å straffe kvarandre for det som har vore før.

Eg vil halde fram med å forsøke å endre den delen av ordlyden i Barnelova som rammar tusenvis av menn og uskuldige barn - som ikkje får sjå fedrene sine så mykje som dei ønsker.

Men den dagen det blir fiksa, kjem eg ikkje til å krevje at kvinner held kjeft på ubestemt tid. Då går vi vidare.

LES OGSÅ: En hyllest til deg som jobber på sykehus

Sjekk KKs kjærlighetshoroskop

Saker spesielt utvalgt for deg: