«Sjåast me i kveld, eller?»
«Ja, trur det, altså!»
«Kult, det er vors hjå meg!»
«Høyrest bra ut!»
«Når kjem du?»
«Ehm, rundt åtte, kanskje?»
Eg kom aldri rundt åtte. Eg kom ikkje i det heile teke. Ei samtale med vage svar henta frå verkelegheita. For to veker sidan. I midten av august blei eg nemleg student att – for andre gong i livet.
Då eg sat med nasen djupt nede i bøkene og skreiv bacheloroppgåve i Southampton for to år sidan, var eg rimeleg sikker på at det var siste skuleinnsats frå mi side. Men det er utruleg kva eit hardt møte med vaksenlivet gjer med skulelysten. Eg sakna å lære.
Og eg som eigentleg var så klar for vaksenlivet. Som sjølverklært gamlisungdom (takk for uttrykket, Bård og Harald) og kattekvinne (type katte-elskar, ikkje Jocelyn Wildenstein) såg eg fram til å sleppe semesterfestar, studentkro og stipendpils.
Eg har nokre faste festar i året (sommarfest, jolebord med gjengen, påskeeftan og nyttårseftan) som er meir enn nok for meg. Dei har eg alltid kontroll på. Eg veit når dei kjem, og eg veit at det er ei stund mellom kvar. På den måten er eg alltid klar for ein heidundrande kveld når den fyrst kjem. Og likevel. Trass i at eg veit alt dette og veit så godt korleis eg likar å ha det, gav eg meg nyleg i kast med det utmattande og krampesosiale som er fadderveka.
Les artikkelen gratis
Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
KK er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger