Velkomen til Norge – landet der vi pussar opp oftare enn vi byttar sexpartnar. Men pussar vi opp fordi tapetet skrellar av veggane og flisene er utslitne? Neeeeida, her fornyar vi medan det framleis luktar nytt - vi blir nemleg så fort leie av stilen vi var så begeistra for i forfjor.
Definisjonen på motlaus, spurde du? Eg foreslår: å måtte forhalde seg til det same mønsteret over tid. Treng vi nytt kjøken? Streng tatt ikkje, men vi har råd til det. Det er lett å få dagane til å gå når ein konstant justerer på interiøret.
LES OGSÅ: Deiligere å være norsk i Dubai enn i Danmark
Sikker valuta
Den enes død, den andres brød, heiter det, og nordmenns hang til å fikse på reira sine skulle vise seg å bli ei ny vekstnæring for mellom anna polakkane i byggebransjen. Dei gidd nemleg å sveitte, polakkane.
Gløym Bitcoins, Etherum og Ripple. Den sikraste valutaen i dag heiter «polakk» – eller hender i arbeid, som vi kalla det i gamle dagar.
Som sunnmøringen spurde fekk han svar:
- Kor mykje kostar det eigentleg å pusse opp eit bad på 6 kvadratmeter? (...) Nei, du må nok rekne med minst tre, fire polakkar. (...) Såpass, ja... Men så er det jo langt betre med fire polakkar på byggeplassen enn sju nordmenn som står på kontoret og prøver å tenke ut korleis dei skal få nokon til å jobbe på byggeplassen.
Les artikkelen gratis
Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
KK er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger