Eli Kari Gjengedal:

Trening er så dørgande kjedeleg at eg vert tom for ord som kan beskrive det

Takke meg til ein herleg gåtur.

FOTO: Astrid Waller
FOTO: Astrid Waller Vis mer
Publisert

Ferien er over, folkens, og vi er klare for nye mogleg­heiter både på jobb og elles i livet. Ein kjem vel tradisjonen tru ikkje utanom trening i disse dagar. Eg er ikkje så flink. Skulle så klart ha vore mykje betre, men kva skal ein stakkar gjere når trening for meg er så dørgande kjedeleg at eg vert tom for ord som kan beskrive det.

Men så skjedde det noko. Her om dagen fann eg ein knall rosa treningstopp da eg rydda i klesskapet mitt. Den var sikkert frå rundt 2010. Tippar eg hadde store planar då den vart kjøpt. Men dei planane må tydelegvis ha gått skeis, for lappen hang framleis på. Eg fekk for meg at det kan no vere lurt å bruke den ein stakkars gong, om ikkje anna. Så eg heiv meg rundt, tredde toppen over hovudet og jamra meg inn i den. Fann den raskaste treningsappen på mobilen og sette i gong. Appen heiter «7 Minute» og lova gull og grøne skogar på ekstremt kort tid. Dette var noko heilt i mi gate. Raskt og effektivt der, altså.

Eg tok det obligatoriske skryte-snappbiletet etter sju minutt med intens svetting og sende det til mine smått sjokkerte venninner. Det kom kaskader med emoji- klapping på høgt nivå i retur. Endeleg skal sjølvaste latsabben bli sporty. La dei leve i trua ei lita stund, tenkte eg.

Les artikkelen gratis

Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

KK er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer