GAMALDAGS BURSDAG: KK-spaltist Fredrik Steen lurer på når bursdag i kjellarstova med høg musikk og lass med kake og potetgull vart heilt avleggs. FOTO: Astrid Waller
GAMALDAGS BURSDAG: KK-spaltist Fredrik Steen lurer på når bursdag i kjellarstova med høg musikk og lass med kake og potetgull vart heilt avleggs. FOTO: Astrid Waller Vis mer

Barnebursdag:

Ungar vil ikkje ha bursdagsfeiringar lenger. Dei vil ha kick-off!

Gløym alt du hugsar om barnebursdagar frå eigen barndom, er rådet frå KK-spaltist Fredrik Steen.

Eg veit ikkje korleis det er i distrikta om dagen, men eg kan med relativt god slagkraft melde at når det gjeld bursdagsfeiring for barn på det sentrale austlandet, har det begynt å skli litt ut.

For det første: Gløym pizza i ei ballongpynta kjellarstove. Gløym den storsinna idéen om at ungane kan få styre seg sjølve på loftet og spele så høg musikk dei berre vil i tre timar. Og gløym alt du hugsar om bursdagsfeiringar frå din eigen barndom med festlege hattar og tostemt Hurra for deg.

Du treng ikkje fleire idear til selskapsleikar for 12-åringar, sistah - du treng eit eventbyrå. For ungane dine vil ikkje ha bursdagsfeiring lenger - dei vil ha kick off.

LES OGSÅ: Hva er din beste adventskalender? Vi tok turen ned juleminnenes dal.

Bursdag på Facebook

Bursdagar er eit fint innslag i ein elles travel kvardag, og gir i alle fall oss vaksne moglegheit til å få klemmar av folk vi vanlegvis aldri tek på. Sjølv let eg det gå sport i å gløyme at eg har bursdag på den faktiske dagen.

Her i oktober fylte eg år, men i eit strekk på minst fire timar midt på dagen gløymde eg heilt at det var bursdagen min. Då eg kom på det, var det som om eg fekk ein ny bursdag på same dagen. Innimellom kan eg vere svært lett å glede.

Eg er likevel heilt bevisst på at eg unngår å føre opp bursdagen min offisielt på Facebook. Det er triveleg med bursdagshelsingar, men eg blir så inderleg sveitt av å skrive det forventa standardsvaret nederst i tråden: «Tusen takk for alle bursdagshelsingar. Ingen nevnt, ingen glemt! Det varmar ein gamal skrott.»

Når vert kroppen forvandla til ein skrott, eigentleg? Ved fylte 32? 47? Her trengs det statlege retningslinjer.

LES OGSÅ: Ein hyllest til mi briljante venninne

Godteposetradisjon

Men det er smårollingebursdagen som må under lupa. Og då kan vi først som sist avlive den evinnelege godteposen. Vedkomande som starta denne tradisjonen bør gå nokre heftige skamrunder meg seg sjølv.

I det minste bør han eller ho forklare logikken i at eit barn som nettopp har tylla i seg så store mengder sukker at det fluoriserer i mørket, skal få med seg nok eit hekto med gummisnop og sukkerdrit på vegen heim.

Kjære foreldre! Dette er ein streng beskjed frå ein firebarnsfar med tre ulike mødre: Om du ikkje maktar å erstatte godteposen med ei økologisk gulrot, kan du berre droppe heile greia. Fint, foreldre! Det er alltid stas når vaksne folk gjer som dei får beskjed om.

LES OGSÅ: Smaker pålegget fra 70-tallet like godt som da dagmamma serverte brødskivene ut av kjøkkenvinduet?

Gåver til dei små

Det er òg kanskje på høg tid å ta ein fellesdebatt på kva ein smårolling bør kunne forvente å få i gåve fra venene sine når det er bursdag. For det er jo grenser for kor mange mobildeksel ein gjennomsnittleg 12-åring eigentleg har behov for.

Her ein dag såg eg ei sak om ei mor som tok til orde for at alle barna gir kvarandre 50 kroner i gåve. Pengane kan gå rett i sparebørsa, eller til noko anna med litt levedyktigheit. Det er eit godt forslag, så slepp vi alle å kjøpe juggel som må kildesorterast veka etter.

Heimebursdag er passé

Men så er det sjølve feiringa. Og det er her det har sklidd ut. Det er her det skjedde noko i bursdagsevolusjonen som bør diskuterast på eit nasjonalt plan. For tradisjonell heimebursdag er visstnok døllare enn eit liv utan mobiltelefon.

Og skulle du gå i fella risikerer du å få politiet på døra: «Hei! Vi er frå politiet, og har fått inn ei bekymringsmelding frå ein nabo som fortel om ungr som har det gøy og et sjokoladekake frå ei langpanne. Kan vi kome inn og stille eit par spørsmål?»

For i dag skal barnebursdag vere action, det skal vere fart og spenning – og det skal i alle fall vere gøyare enn den førre bursdagen barnet ditt var i. Ikkje minst skal det koste flesk.

Ein gjennomsnittleg 10-åring har nemleg lært seg å google, og veit at der er eit hav av foretak som tilbyr bursdagsfeiringar på Disney World-nivå. For frileik i kjellarstova-bursdag er blitt danka ut av kinobursdag, Tusenfryd-bursdag, minigolfbursdag, dansebursdag med instruktør, klatrehallbursdag, trampolinehallbursdag og Fangene på fortet-bursdag.

Men ein dag vert dette også passé. Då må vi fire hakk opp og tilby ungane rappellering frå helikopter, ran ein gullsmed, eller kræsj din eigen fregatt-bursdag.

LES OGSÅ: Det store spørsmålet er: Er fortnite farlegare enn yatzy?

Tjuvstart på russefeiringa

Det er som om vi har gitt ungane høve til å tjuvstarte på russefeiringa: Kom igjen, ungar! Skal de ha den finaste, kulaste og dyraste russebussen om seks år, så må de jaggu meg få finslipt konkurransementaliteten!

Det heile er eigentlig litt trist. Sjølvsagt skal ungane få ha det gøy. Men må ting ha ein avskrekkande prislapp for å verte eit godt bursdagsminne? Står det verkeleg så dårleg til med sjølvtilliten til oss foreldre? Er det verkeleg blitt umogleg å lage ein minnerik bursdag utan at ungane får kjenne på heftige G-krefter?

Tenk på det i alle fall. Og ikkje gløym å kutte ut godteposen, foreldre. Hvis ikkje vert de inviterte til min Hunger Games-bursdag neste år. Den som overlever får godtepose.

LES OGSÅ: Fingrene av fatet! Ingen julebrud før 1. desember

Sjekk KKs kjærlighetshoroskop

Saker spesielt utvalgt for deg: