Etter at eg kom i overgangsalderen, merkar eg at vekta går oppover i eit raskare tempo enn før. Eg merkar også at kiloane legg seg enda meir der dei ikkje skal legge seg, ifølgje min smak. Nemleg rundt midja. Nokre gonger føler eg at eg minner om ei stor og firkanta hotellpute der tynne armar og bein stikk ut av kvart hjørne.
Tidlegare i spalta mi har eg sagt at eg kjenner meg framtung etter at eg kom i overgangsalderen. Eg står for det framleis. Eg har den berømte epleformen. Null rumpe og meir enn nok å ta av over rumpa og rundt magen. Folk rundt meg gjev meg kompliment for dei slanke beina mine. Men kva hjelper slanke bein når ein føler seg som ein kasse med epler?

- Jeg var i fire sportsbutikker og prøvde åtte bukser
Hadde eg enda hatt ein timeglasfigur, eg skulle så mykje heller hatt ei stor rumpe enn ein stor mage. Men hadde eg hatt ei stor rumpe, så tippar eg det ikkje hadde vore godt nok det, heller.
Er det ikkje rart korleis vi alltid lengtar etter det vi ikkje har og er misfornøgd med det vi har? Det er ein evig rundans av å ynskje seg noko anna enn det ein allereie sit på, bokstaveleg talt. Eg prøver å tenkje at eg må være fornøgd med at eg er frisk og rask. Får heller gjere det beste ut av det eg har, men det er søren meg ikkje lett i desse dagar, kor ein vert bombardert med korleis idealfiguren skal være på sosiale medier. Tenk at ei dame på over 50 år, midt i overgangsalderen, let seg påverke av dette? Det er ikkje rart at ungdomen slit. Det må eg berre seie.
Eg let meg lett påverke av alle moglege produkt, slankekurar og diettar. Eg elskar å sjå før- og etter-bilde kor nokon har nådd idealmålet sitt og ser fantastisk ut. Det eg gløymer, er at det skjer mykje rart mellom desse før- og etterbileta. Det er ikkje slik at ein når målet utan hardt arbeid og sjølvdisiplin – og eg tippar ein voldsom kamp mellom å la seg freiste eller nekte seg ein ørliten sjokolade eller kveitebolle i ny og ne. Med min svake sjølvdisiplin og enkle sjel, kor eg lett lar meg lede inn i freisting, seier det seg sjølv at eg ikkje har kjangs. Eg har rett og slett ikkje nok styrke og fokus til i det heile tatt å nærme meg drømmekroppen. Eg hugsar eg på eit tidspunkt fekk personleg trenar-timar i gåve (eg hadde sjølvsagt aldri kome på noko slikt heilt av meg sjølv). Etter ti slike timar sa trenaren min at eg hadde større lyst til å kose meg enn til å endre livsstil og kome i form. Det er mogleg han hadde rett.

- Også de små «veskehundene» blir raskt en trussel i skisporet
Problemet mitt er at eg skulle ønske det gjekk an å tenke seg i betre form. Eg har rett og slett ikkje det som skal til for å trene fleire gonger i veka, og velje salat og cottage cheese framfor loff med rekesalat. For ikkje å snakke om chips og dipp med nokre iskalde, boblande glas med prosecco på fredagskvelden.
Når eg tenkjer meg om, kan dette lett stå på menyen både ein måndagskveld og ein onsdagskveld. Ja, for vi må ikkje gløyme å «lure måndagen», og onsdag er tross alt «lille lørdag» eller «humpday», som det så fint heiter «over there». Livet består av mange «guilty pleasures». Chips og dipp er berre begynnelsen for min del. Hadde eit stort glas vatn og ein bolle med salat vore like godt, så ville det vore leikande lett å være den perfekte utgåva av meg sjølv. Men hadde det gjort meg lykkelegare?
Oppdag mer mote, livsstil og historier fra virkeligheten på KK.no

- Eg vart dumpa av venninna mi
