Eli Kari Gjengedal:

Vi i overgangsalderen kan bli rasande over ... ja, Gud veit kva

Det å være sint eller bli oppfatta som sint er svært samansett.

FOTO: Astrid Waller
FOTO: Astrid Waller Vis mer
Publisert

Slik eg ser det, er sinnemeistring og reinspikka sinne to eigenskapar vi er heilt avhengige av harmonener, eller har ei slags likevekt, dersom vi skal klare oss i flokken. Det blir sagt at grunnen til at vi utvikla latter, var rett og slett fordi vi skulle oppfattast som enkle og greie å ta med seg på vandring den gong vi var urmenneske og vandra rundt i menneskeflokkar.

Eg skjønnar det godt, eg, at sinte folk kan bli ei belastning på lange turar. Samtidig er det viktig å vise sinne når det er på sin plass. Og gråt og latter. Grine­munn og smil er kanskje noko av dei viktigaste komm­uni­kasjons­verktøya vi har, bortsett frå ord og lyd.

Når ein vert eldre, har ansiktstrekka våre ein tendens til å bli meir markerte. Det vil mellom anna seie at ein del av oss ser litt sintare og surare ut. Erna Solberg sa så fint i eit intervju at ho var bevisst på å smile litt når andletet hennar var avslappa. Dette fordi vi kvinner som er godt vaksne, gjerne får eit surare og sintare uttrykk. Munnen sig rett og slett nedover slik som alt anna som kjempar mot tyngdekrafta.

Eg har same erfaring som Solberg. Eg ser sintare og sintare ut i takt med munnvikene mine som peikar nedover og myserynkene som trekk bryna saman, så eg til tider ser nærmast olm ut. Eg jobbar sjølvsagt på spreng med å motarbeide dette.

Eg øver meg på å halde munnvikene litt oppe når eg mellom anna sit med mobil­telefonen. Då er det sur munn, mysing og dobbelt­hake som står på menyen om eg ikkje er på­passe­leg. Eg har ikkje sett noko strengare enn meg sjølv sittande og skrolla på mobilen utan briller. Mysande med ansiktet godt planta ned i dobbelthaka (gjerne med ei skinande bust av eit bukkeskjeggshår under haka) og den suraste munnen verden har sett. Fysj, eg er flau! Hadde eg vore urmenneske, ville sikkert ­flokken forlate meg rundt neste sving. Derfor har eg starta ein eigen «bevisstheitskampanje» rundt dette.

Eg strekk hals, rettar meg opp i ryggen, smiler litt lurt og tek på meg kledelege briller. Eg sminkar ­brynene mine litt mindre mørke inn mot naserota og prøver å slappe litt av i panna. Eg vil ikkje sjå bisk og sint ut. Inne i hjartet mitt er eg jo berre glad og snill! Eg vil ikkje bli sett av på neste busstopp av flokken min. Men så er det dette eg var inne på med sinnemestring: Somme av oss som er i overgangsalderen, kan bli rasande over ... ja, Gud veit kva ...

I mitt tidlegare liv, altså før overgangsalderen, var eg svært sjeldan sint. Og når eg først lot trykket sleppe ut, hadde eg ein teknikk. Eg venta med å sleppe sinnet laus i fri dressur til eg kom heim. Eg bruka å gå rett inn på badet og kaste dorullar i ­veggen. Slik fekk eg ut frustrasjonen min i all hemmeleg­heit – stort sett. Men no? Å, du hildrande du! Eg har ein impulskontroll som har forsvunne langt ut i skogens ro.

Eg har ein lei tendens til å jazze meg sjølv noko heilt imponerande opp. Det startar i det små, og så er eg brått meir rasande ut enn den største hissigproppen verda har sett. Sinnemeistringa mi er meir eller mindre avgått ved døden. Ikkje bra for flokken min. Å bli rasande fordi mannen min ikkje har så fin sangstemme, men likar å synge med den stemma han har heime, er rett og slett ikkje greitt.

Eller frike ut fordi han ­steikjer speilegget mitt litt for lite til søndagsfrukosten. Eg skulle hatt juling med stor J. Men eg er flink til å seie unnskyld og blir møtt med forståing. Heldigvis har eg ein snill mann (det skulle no for f… berre ­mangle!%&#).

Mitt råd til hissigproppen er: Hald deg ­roleg, det blir så mykje søl når noko kokar over! Og så vil vi jo gjerne være med i flokken, ikkje sant?

Oppdag mer mote, livsstil og historier fra virkeligheten på KK.no

Følg på Instagram Abonner på KK magasinet

Vi bryr oss om ditt personvern

KK er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer