GUDRUN & GUDRUN: Dei ferøyske gründerane har gjort det stort med handstrikk frå Peru og Jordan. Det var den såkalte Forbrytelsen-genseren (den kvite med svarte stjerner) som ga dei fart i segla. FOTO: Ari Magg
GUDRUN & GUDRUN: Dei ferøyske gründerane har gjort det stort med handstrikk frå Peru og Jordan. Det var den såkalte Forbrytelsen-genseren (den kvite med svarte stjerner) som ga dei fart i segla. FOTO: Ari Magg Vis mer

Gudrun & Gudrun:

Dei skapte Forbrytelsen-genseren:
- Kvinnene som strikkar for oss får eit betre liv

Alle plagga frå Gudrun & Gudrun er handstrikka av kvinner frå Peru eller Jordan. – Med pengar i lommeboka får kvinnene automatisk meir makt i familien.

- På byrjinga av 2000-talet var strikking noko av det mest ukule du kunne drive med på Færøyane. Alle skulle ha Goretex, seier Gudrun Rogvadottir. Ho utgjer halvparten av strikkesuksessen Gudrun & Gudrun i Torshavn.

Det var i 2007 – med TV-serien Forbrytelsen – at verda åpna augene for dei handstrikka genserane frå øyriket i Vest.

STJERNEGENSER: Enda en fortolkning av den klassiske stjernegenseren til Gudrun & Gudrun. FOTO: Emma Matell
STJERNEGENSER: Enda en fortolkning av den klassiske stjernegenseren til Gudrun & Gudrun. FOTO: Emma Matell Vis mer

KK møter Gudrun Rogvadottir midt i Torshavn, i gågatedelen av Niels Finsensgøta. Og det er nettopp her du finn han - verdas einaste Gudrun & Gudrun-butikk. Alt anna er storsalg og nettbasert salg.

- Vi er fullstendig klar over at vi driv med nisjeprodukt, men verda er heldigvis stor, seier Rogvadottir, omgjeve av haugar av genserar og kasser med ull og skinn.

Eit bittelite garnnøstekast unna butikken ligg nemleg administrasjonen til Gudrun & Gudrun, og det er her alt skjer: design av nye kolleksjonar, utklekking av nye marknadsstrategiar, her er lager og her er pakkerom. Alt er rimeleg kaotisk og fullstending sjarmermande.

Admininstrasjonen tel berre ein handfull tilsette, og alle har minimum éin obligatorisk dag i veka i butikken, fortel Rogvadottir:

- Alle som jobbar her skal kunne vite kva som går føre seg i butikken, og alle må ta sin tørn og møte kundane. Er det greitt med pulverkaffi?

LES OGSÅ: Line Langmo: Om jeg ser noe jeg liker, går jeg til mamma og får det strikket.

Kan strikke heimafrå

Til saman nitti handstrikkande kvinner, Færøy-kvinner inkludert, er i sving til eikvar tid for å produsere Gudrun & Gudrun-genserar og andre plagg. Ingen fabrikkar og ingen maskiner, men kvinnehender av kjøt og blod. Gudrun Rogvadottir glødar når ho fortel om korleis genserkolleksjonane deira er med på å hjelpe kvinner i både Jordan og Peru til eit meir sjølvstendig liv.

- Vi kjenner til alle kvinnene og strikkestilen deira. Nokre strikkar laust og andre strikkar stramt.

Saman med partnaren og sjefsdesignaren Gudrun Ludvig, driv Gudrun Rogvadottir etter ein businessmodell som nok vil få tradisjonelle bedriftsøkonomar til å lette på augebryna. Færøysk ull vert sendt til Jordan, og i retur får dei handstrikka produkt. I Peru strikkar kvinnene med lokalt og litt mjukare alpakkaull i staden for den grove og hardføre Færøy-ulla. Sluttproduktet er dyrt. Ein Gudrun & Gudrun-genser kostar gjerne 3000-4000 kroner.

SUKSESSDUO: Gudrun Ludvig (t.v) er sjefsdesigner i strikkesuksessen og Gudrun Rogvadottir er partner. FOTO: Privat
SUKSESSDUO: Gudrun Ludvig (t.v) er sjefsdesigner i strikkesuksessen og Gudrun Rogvadottir er partner.
FOTO: Privat Vis mer

- Vi kjem aldri til å konkurrere på pris, men det har heller aldri vore intensjonen vår. Produkta våre er high-end, men dei har ei historie. Det handlar om å hjelpe kvinner til eit betre og meir sjølvstendig liv, seier Rogvadottir.

- Sist eg var i Peru var eg heime hos ei av dei strikkande kvinnene. Ho viste meg ein ny vegg i huset sitt. Denne veggen har eg fått bygd for strikking, fortalde ho meg. Det er stort å vere så nært på desse skjebne, og samstundes sjå at det vi gjer betyr noko meir utover det å selje ein fin gensar, held ho fram.

- Spesielt i konservative Jordan, er det godt å sjå at denne ekstrajobben til kvinnene ikkje utgjer nokon trugsel for mennene deira. Dei kan strikke heimanifrå, og samstundes ha maten klar på bordet når mennene kjem heim frå jobb, seier Gudrun Rogvadottir.

LES OGSÅ: - Jeg jobbet i to år uten en krone i lønn

Makt til kvinnene

Rogvadottir har eigentleg ein heilt annan bakgrunn enn klesbransjen. Etter studiar i statsvitenskap i København vart ho på slutten av 1990-talet partner og EU-ekspert i eit dansk konsulentselskap som innimellom hadde oppdrag i Jordan. Tilfeldigheiter sette henne i kontakt med ei jordansk kvinne som nyleg var pensjonert politidirektør. Ut av dette møtet kom den første spira til idéen om å sysselsette kvinner som ikkje kunne ha vanlege jobbar på grunn av familiesituasjon eller fastlåste kjønnsrollemønster.

- Vi seier ikkje at jordanske kvinner skal forlate mennene sine, men ein får automatisk ein annan type makt i familien med pengar i lommeboka.

NYE PLAGG: Frå årets kolleksjon - mohair med alpaca. FOTO: Emma Matell
NYE PLAGG: Frå årets kolleksjon - mohair med alpaca. FOTO: Emma Matell Vis mer

I Amman i Jordan disponerer Gudrun & Gudrun ei lita leilegheit der kvinnene møtast for å levere nystrikka genserar, og for å hente nye forsyningar med garn. Dei kjem inn med buss frå dei fattige byområda med store plastposar under armane.

Rogvadottir fortel:

- Vel innanfor dørene forsvinn hijaben, kvinnene løsnar håret og tek seg gjerne ein sigarett, og vi er heilt på bølgelengde. Vi viser bilder av barna våre til kvarandre, og stemninga er heilt fantastisk. Forvandlinga er verkeleg rørande!

Kvinnene får betalt for kvart plagg dei produserer, og slik kan dei sjølve tilpasse jobben etter liva sine. Under Ramadan har dei kanskje ikkje høve til å jobbe, medan andre gonger treng dei ekstra pengar til eit bryllup eller andre begivenheiter:

- Éi av kvinnene som strikkar for oss er syrisk flyktning. Takka vere jobben ho gjer for oss tente ho pengar til å føde barnet sitt på eit skikkeleg sjukehus. Det er sterkt å vere så tett på desse skjebnene, og kvar einaste genser har ei historie.

Starten på eventyret

Historia til Gudrun & Gudrun starta rundt år 2000. Gudrun Rogvadottir hadde lese ein artikkel om den færøyske designaren Gudrun Ludvig, som i likheit med henne sjølv hadde returnert til Færøyane etter nokre år i København. Rogvadottir kjende ikkje Gudrun Ludvig på den tida, men tok kontakt for å høyre om ho ville møtast og diskutere nokre idear. Det klikka umiddelbart mellom Gudrun og Gudrun:

- Både Gudrun og eg hadde vondt av å sjå at gamle tradisjonar var i ferd med å gå i gløymeboka. Tradisjonelt sett er færøyske kvinner gode til å strikke, og handstrikka strømper og trøyer var den aller første eksportvara for nasjonen vår. Både Noreg og andre europeiske land byrja å handle ullvarer av oss for over 1000 år sidan. I dag har denne eksporten berre ein symbolsk og historisk verdi, men både Gudrun og eg syntest det var trist å sjå at ein brende både færøysk ull og lammeskinn på denne tida. Vi har svært få råvarer på Færøyane, og vi må ta vare på dei vi har, seier Rogvadottir.

Ei spontan motevisning i Torshavn i 2000 med over femhundre frammøtte ga dei så smått trua på at dei kunne få til noko. Med eigne oppsparte midlar og godt mot, stilte Gudrun & Gudrun på si første messe i 2002, og i 2007 begynte det heile å setje skikkeleg fart, først og fremst på grunn av den danske TV-krimserien Forbrytelsen:

FERØYSK ULL: Ull har tradisjonelt sett vore ei eksportvare frå det ferøyske øyriket, men då Gudrun & Gudrun starta selskapet sitt, vart ull og skinn brent på Ferøyane. FOTO: Fredrik Steen
FERØYSK ULL: Ull har tradisjonelt sett vore ei eksportvare frå det ferøyske øyriket, men då Gudrun & Gudrun starta selskapet sitt, vart ull og skinn brent på Ferøyane. FOTO: Fredrik Steen Vis mer

- Vi hadde rett og slett skikkeleg flaks med Sarah Lund og Forbrytelsen. Vi hadde ein stand på ei messe i København, der mellom anna genseren ”Vón” var utstilt. Kostymesjefen til den nye TV-serien var på messa, og var på jakt etter noko spesielt til etterforskaren Sarah Lund, og heldigvis for oss fall valet på færøysk og handstrikka design.

I dag jobbar Gudrun & Gudrun med å trimme businessmodellen sin. Store endringar gjer at mange fysiske butikkar må stengje, og ein må tenke nytt.

- Vi snuser på fleire nye plattformer, mellom anna Amazon og ulike kinesiske nettplattformer. Insta-shopping er òg ei mogelegheit. Men same kva som skjer kjem vi aldri til å slutte med handstrikk!

LES OGSÅ: Disse damene sitter i fengsel og strikker designgenser.